Ragnvald Vaage

Publisert

Dette diktet er skrive av Ragnvald Vaage (1889–1966) og kom ut i samlinga Heim frå havet (1965). Diktet får oss til å tenkje på den klassiske nynorskdiktaren i denne generasjonen – diktarbonden. Det handlar om diktaren i strid mellom ættargarden, Våge i Kvinnherad, og diktarkallet. Vi kan tolke «jordson» som ein negativ kontrast til «skystormveng», eit bilete på diktaren frigjord frå jorda og med romantisk utsyn, som ein ørn over skyene.

Men ser vi omgrepet diktarbonde i eit større perspektiv, kjem andre kontrastar fram. Alt Vergil skildra bonden som ein krigar, med
jordbruksreiskapar som våpen, i lærediktet «Georgica». Vaage skriv likeins at våpena hans ikkje er «stilett» – dolk – men «plogjarn og mineborstål og spett». Ein annan romersk diktar, Persius, skriv i satirane sine at han berre er ein halvpoet som aldri har vore oppe i skyene. Med det set han opp ein kritikk av den høgfløygde diktarstilen i samtida. Biletet som «jordson» treng altså ikkje vera negativt, men kan forståast som eit audmjukt diktarprogram

Dersom vi jamfører Vaages dikt med den store skalden i mellomkrigstida, kjem interessante kontrastar fram. Jamfør til dømes Vaages «Målet mitt» med Olav Aukrusts «Norrønasongen» og «Fjell-Norig». Hjå Vaage kjem ei meir neddøyvd hylling av norskdom til uttrykk enn hjå den ekstatiske Aukrust. Jamfør òg Vaages «Auksjon» med Aukrusts «Aksion på Tande», så ser vi andre kontrastar. Vaage har større merksemd på dei sosiale skilja og tragediane ved ein auksjon enn den feirande og fabulerande Aukrust. Ein kan òg jamføre dei kristne dikta hjå Vaage med liknande dikt hjå Aukrust, som Vaages «Johannes» med Aukrusts «Still meg ei storvengja sorg overskygde».

Vi tenkjer gjerne at det kom eit oppgjer mot Aukrusts poetikk fyrst etter krigen, men alt i mellomkrigstida fanst det altså interessante motsetnader mellom nynorskdiktarane. Desse skilja er det verdt å undersøkje nøyare.

Jordson

Den som vart fødd til jordson

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement