Rotlaus ungdom fyller 80
– Det beste med suksess er å vita at det ikkje er noko å lengta etter, har Liv Ullmann sagt.
Liv Ullmann i oktober, i samband med avdukinga av eit portrett av henne på Theatercafeen i Oslo.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Då Liv Ullmann hadde den fyrste hovudrolla si, i Edith Carlmars Ung flukt, freista Ullmann-slekta å få filmen stoppa; i eit av klippa vert nemleg den ullmannske rumpa vist.
Det var ikkje rumpa eg beit meg merke i. Det var Livs tolking av den rotlause austkantjenta Gerd. Ho meistra å visa ein uskuldig villskap. Ho var som ein norsk James Dean, og eg vart bergteken. Men der Deans liv enda brått i ei bilulukke, kunne Liv halda fram og utvikla seg gjennom mange fasar i karrieren.
Eg vil intervjua Liv Ullmann og sender to e-brev, men får ikkje svar. I staden oppsøkjer eg bøkene og filmane hennar.
I boka Tidevann (1984) skriv ho at kvinner i generasjonen hennar fall mellom to epokar: før ein valde sjølv og etter valet.
Valfridomen kom brått og var ikkje berre lett. Kvinner fylgde straumen av andre «frie» kvinner. Men Liv nytta sjansen ho fekk. 17 år og skulelei avbraut ho skulegangen i Trondheim og drog til England for å læra meir om teater, og vidare inn i karrieren som skodespelar. Fyrst på teaterscena, deretter på film.
Ho vart kjend for eit smalt publikum gjennom Ingmar Bergmans filmar, og sidan for ei større mengd med Jan Troells Utvandrerne og Nybyggerne. Dei sistnemnde filmane sette fart i Hollywood-karrieren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.