Samlaren
Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.
Einar Økland heime i Valevåg.
Foto: Helge Skodvin
På heimegarden i Valevåg har Einar Økland over 450 hyllemeter med folkelege kulturformer. Dei dekkjer utviklinga av skrift- og biletkulturen gjennom fleire hundreår, med særleg vekt på masseprodusert illustrasjonskunst i det Økland kallar «Papirets tidsalder: 1850–1960» – frå bruksgrafikk og hundrevis av scrap books via avisframsider til tidsskrift, brettspel, samlemerke, blekkboksar med trykt dekor, ymse utklippsalbum og uendeleg mykje meir, gjerne slikt ein knapt har høyrt om, som fyrstikkplater, visittportrettkort og Håndbok for feltprester. Om sistnemnde har Økland sagt: «Dei vil kasta meg i helheimen med handemakt når eg siterer frå denne.»
Objekta har han kjøpt, fått eller bytt til seg. I tillegg har han skrive og redigert 104 bøker, går det fram av intervjuboka Økland. Einar Øklands livsverk i samling, som Ottar Grepstad og Sverre Tusvik har redigert for Fonna Forlag, og som blei lansert for nokre veker sidan. Der finn vi svar på spørsmål vi kanskje aldri har tenkt på å stilla, og boka gir eit overblikk som aldri før har funnest over forfattarskapen og samlargjerninga. Medintervjuarar var Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg.
– Dersom du skulle summera deg sjølv opp i eitt ord, kva kunne det vera?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.