Sann dikting om sjuk mor

Tiril Broch Aakre har skrive både ein krass kritikk av norsk psykisk helsevern og ei varm og vond forteljing om forholdet mellom ei bipolar mor og døtrene hennar.

Tiril Broch Aakre framfor bunadskledde kvinner på Kaffistova i Oslo.
Tiril Broch Aakre framfor bunadskledde kvinner på Kaffistova i Oslo.

Det er sjeldan eg les ein norsk samtidsroman og tenkjer at denne boka er skriven av di det var naudsynt – ikkje av di nokon ville skrive ei bok eller vere forfattar, men av di livet til den som skreiv, kravde at nettopp denne boka vart til. Men slik las eg altså Tiril Broch Aakres Mødre og døtre, ein roman om mor hennar, som i mange år sleit med psykisk sjukdom og til slutt tok livet sitt.

Aakre har skrive fire bøker sidan ho debuterte i 2013, og jobba i mange krikar og krokar av Litteratur-Noreg, i tidsskrift og forlag, som konsulent og skribent. Rett før eg går for å møte henne på Kaffistova i Oslo, vert det offentleggjort at ho no byrjar i ny jobb som sjefredaktør for skjønnlitteratur i forlaget Vigmostad og Bjørke.

– Gratulerer med ny jobb!

– Takk!

– Og gratulerer med enormt god mottaking av romanen. Folk har spurt seg kvifor du ikkje kalla boka for sakprosa, når forteljinga er sann. Er det irriterande å få spørsmål om sjangerval kvar gong du skal snakke om boka?

– Ja, men eg rekna med at det kom til å kome. Mange likar å ta opp den tråden, men for meg har det dreia det mest om å lausrive meg frå spørsmål om sjanger, slik at eg kunne skrive fritt. Samstundes skulle det ikkje vere tvil om at boka er sjølvbiografisk. I ein periode skreiv eg i tredje person. Eg skreiv «mora» og «dottera». Eg gjorde det for å klare å skrive. Men då eg nesten var ferdig, innsåg eg at eg ikkje trong det grepet likevel. Eg ville strippe boka for typiske fiksjonsgrep. Bøker endrar seg undervegs. Eg ville stå så fritt som mogleg, slik at desse endringane kunne skje. For meg er det dessutan eit poeng at skjønnlitteraturen kan handle om røynda, sosiale problem og aktuelle saker. Sjølv tenkjer eg at eg skriv i ein tradisjon av sjølvbiografiske romanar. Men om nokon les boka som noko anna, er det greitt for meg. Folk får lese som dei vil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement