Satire på utstilling i Stortinget
– Avisteikningar som kritiserer og harselerer, er ytringsfridom i praksis, seier stortingspresident Masud Gharahkani.
May Linn Clements teikning av prisvinnar Jon Fosse heng no utstilt på Stortinget.
Foto: Svein Gjerdåker
Ein statsråd måtte gå for å ha føreslege og gjeve verv til vener, ein annan for å ha kjøpt aksjar i våpen- og teknologiselskapet KongsbergGruppen, som regjeringa like etter indirekte inngjekk storkontrakt med, og ein tredje for å ha vore inhabil på grunn av aksjekjøpa til ektemannen. Samstundes: Ein opposisjonsleiar som vel å verte sitjande sjølv om det er avdekt at ho var inhabil i fleire av sakene ho handsama då ho sat ved makta, fordi ektemannen hennar på same tid gjorde fleire tusen aksjehandlar. Satireteiknarane i Noreg må ha hatt uvanleg gode kår i 2023.
Habilitetssakene i både regjering og opposisjon er òg utgangspunktet for fleire av satireteikningane som no er valde til å henge utstilte på Stortinget – som ei oppsummering av fjoråret. Bråket rundt Fosen-vindturbinane, herjingane til Trump, dyrtida og posisjonen til Trond Giske er blant dei andre temaa som er illustrerte.
Utstillinga, som har kome til gjennom eit samarbeid mellom Stortinget og Avistegnernes hus, vart avduka av stortingspresident Masud Gharahkani (Ap) onsdag denne veka, og skal henge på Stortinget det neste året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.