Sikrar kulturarven i fjellet
I eit anlegg større enn Nidarosdomen sikrar Arkivverket og Nasjonalbiblioteket historisk materiale.
Magasina inne i Fjellhallen gjev plass til 110.000 hyllemeter med arkivmateriale.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Statsbygg
Tysdag 31. januar opna kultur- og likestillingsminister Anne Trettebergstuen det ho omtalar som eit høgteknologisk anlegg i verdsklasse.
– Her vil viktige delar av kulturarven og historia vår verte bevart fjellstøtt for all framtid, sa ho.
Fjellhallen i Mo i Rana er ein del av eit større samarbeid om bevaring og digitalisering av materiale til Arkivverket.
Riksarkivar Inga Bolstad er oppteken av at den informasjonen som ligg her, skal gjerast tilgjengeleg digitalt, og fortel at dette vert det mest moderne magasinet deira.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre forklarer at den nye hallen gjer at dei kan ta vare på både papir, film, magnetband og digitale filer på ein meir effektiv og sikker måte. Tilrettelagt logistikksystem og automatisering gjer at prosessen med å få materialet inn og ut av fjellet kan skje trygt og raskt. Lågt oksygennivå skal hindre brann.
– Me får større kapasitet, men det aller viktigaste er at nye generasjonar får tilgang til endå meir av kulturarven, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.