Litteratur
Sivilisasjonens skipbrot
«Flyktningenes død ved våre grenser er villet politikk», skriv Kristina Quintano i den nye boka si, som er ei forstemmande skildring av «migrasjonskrisa» og EUs – og Noregs – svik mot menneske i naud.
Kristina Quintano.
Foto: Bendik Østbye Johannessen
I over tjue år har den norsk-maltesiske forfattaren, hjelparen og dokumentaristen følgt menneskesmuglarar i og kring Middelhavet. Facebooksida og boka Budbringeren fra helvete (2021) gjorde henne til vår fremste formidlar av flyktningtragediane i området.
For dette er ho her i landet blitt drapstruga og kalla både «quisling-hore» og anna. Ho bur no med familien sin på hemmeleg adresse. Årets bok, Smugler eller grenselos? På innsiden av vår tids største folkevandring, gir oss eit faktabasert alternativ til det iskalde vestlege blikket på menneskesmuglinga i desse områda.
Nådelaus
Det er med stor kunnskap og breitt overblikk Quintano kommenterer situasjonen, og ho er nådelaus:
– Før var politikken å berge menneskeliv, no er han endra til ikkje lenger å handle om det. Når vi i tillegg hindrar dei få sivile redningsskipa som finst i å gjere jobben sin, ved å la dei liggje i hamnearrest, er det ein politikk som er like vilja som urimeleg. Og dette er Noreg delaktig i.
Ho meiner at dei som berre held seg til norske medium, er heilt uvitande om det aller meste som skjer som følgje av EUs såkalla migrantpolitikk, som også Noreg er ein del av. Kvifor norsk presse ikkje har synt større interesse – i det minste for dei mange tusen migrantane som kvart år døyr i Atlanterhavet rett utanfor det «norske» ferieparadiset Kanariøyane – skjønar ho rett og slett ikkje. I gjennomsnitt har 33 menneske drukna kvar dag så langt i år. Og mørketala er store.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.