Skandinavisk familieterapi

BERGEN: Hilde Sandvik har lenge drive med det ho spøkefullt kallar «sniknordifisering». I år, med podkasten Norsken, svensken og dansken, trefte ho blink på tidsånda.

Hilde Sandvik synest det er merkeleg at ikkje fleire har eit sterkt prinsipielt forhold til ytringsfridom.
Hilde Sandvik synest det er merkeleg at ikkje fleire har eit sterkt prinsipielt forhold til ytringsfridom.

Koronatida har gjort dei skandinaviske landa skandinaviske att. I vår sat ungdomar heime framfor Dagsrevyen og venta spent på pressekonferansane til svenske og danske statsleiarar, i sommar skreiv nordmenn lesarinnlegg om den svenske smittevernsstrategien – som om vi hadde noko vi skulle ha sagt ­– og i haust har ein kunna lese norske analysar av korleis det artar seg no når metoo omsider er komen til Danmark.

Rett før denne utviklinga byrja, lanserte Hilde Sandvik ein podkast som skulle vise seg å vere uhyre godt tima: Norsken, svensken og dansken. I ei tid då gud og kvarmann har fått det for seg at dei skal lage podkast, noko dei aller færraste gjer bra, skil Norsken, svensken og dansken seg ut. Denne podkasten høyrest ikkje ut som om han er produsert av den amerikanske radiostasjonen NPR, som laga formatet og stemme- og lydeffektbruken som dei fleste norske pratepodkastar meir eller mindre medvitne etterapar. Norsken, dansken og svensken er enklare produsert, med tre personar som sit med kvar sin mikrofon, i kvart sitt land, og utvekslar tankar om det som utspelar seg i samfunnsdebatten i dei respektive landa. Dei tre er Hilde Sandvik (norsken), Åsa Linderborg (svensken) og Hassan Preisler (dansken), og resultatet er det dei kallar panskandinavisk familieterapi.

Den heilage treeininga

– Det har ikkje vore særleg hipt å snakke om nordisk forbrødring dei siste åra. Er det i ferd med å snu.

– TV-serien Skam synte meg at det var mogleg å gjere det hipt.

Ho seier at Skavlan òg har hatt mykje å seie, fordi han lykkast med å skape ein svensk-norsk samfunnsdebatt. Nordic noir, med TV-seriar som Broen, har gjort sitt for samkjensla, med sin medvitne strategi om å bruke svenskar og danskar både framfor og bak kameraet. Noko har vore i endring i måten kulturlivet i dei tre landa relaterer seg til kvarandre på. Korona har gjort oss meir like oss sjølve, meiner ho, berre fordi vi heilt fysisk har måtta halde oss meir i ro saman med våre næraste. Skavlan, Skam og korona, altså. Den heilage treeininga for sniknordifiseringa av åndslivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement