Film
Skrekkelege utsikter
Sist helg blei Busuvatnet 1989 vist på både Horrorfest i USA, Hellifax i Canada og Ramaskrik her heime. Denne helga er det Nightmares-festival. Ja, det går slag i slag. Men regissør Filip Koren vil meir enn å gi folk ein støkk.
Filip Koren på ein vanleg, roleg Oslo-kafé full av historier, blant anna Insektsommer av Knut Faldbakken, som blei seld til mange land, inkludert USA, omtrent då han blei fødd.
Foto: Maja Moan
To norske venninner er på hyttetur i fjellheimen. Sola skin, og dei ligg på stranda ved vatnet attmed hytta og skravlar, før idyllen glir over i eit inferno av skrekk og gru. Berre det å sjå på er til å få mareritt av. Skrika og dei livredde blikka vil forfølge deg.
Ja, det er berre film: Busuvatnet 1989 – eller Lake Sunshine 1989, som han heiter på dei internasjonale filmfestivalane han gjestar og har vunne nokre prisar på i år. Særleg New York City Horror, 7.–12. desember er ein prestisjefestival for skrekkfilm, fortel regissør Filip Koren.
– Du er blid og hyggeleg. Du verkar som eit godt menneske. Korfor skremmer du oss?
– Takk, seier han og ler.
– Vi kjenner vel alle på litt skrekk, slik vi alle har både komedie, tragedie, romantikk og action i livet.
I Busuvatnet 1989 utforskar han og skodespelarane kva frykt er, og korleis folk responderer ulikt på det å vere i ein livstruande situasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.