Litteratur
Skriving som syng
Forfattaren Lars Amund Vaage fyller 70 år i dag.
Foto: Jil Yngland / NTB
I dag – 13. mai – fyller forfattaren Lars Amund Vaage 70 år. Og med hans eige uttrykk: Det er verdt ein song. For Vaage er ein forfattar som har teke nynorsk litteratur i ei retning som ikkje liknar heilt på noko anna. Det såg ein kanskje ikkje så tydeleg i debutboka Øvelse kald vinter frå 1979, men alt i andreboka Fager kveldssol smiler er det nokre originale kombinasjonar.
I ei tid med sterkt politisk medvit skriv Vaage om arbeid og arbeidsprosessar. Men det er like mykje arbeidet som kunst han er oppteken av. Som god syttitalist er han samfunnskritisk og radikal, og ikkje minst oppteken av bønder og arbeidsfolk, som i Kyr (1983) og Dra meg opp (1985). Men like mykje av kunst: musikk, litteratur og handverk. Og av alt det som ikkje kan uttrykkjast direkte, men som ligg i grensa for kva språket kan bera.
Og medan andre jakta på det folkelege uttrykket, oppsøkte Vaage høgspråket og den lyriske prosaen. Han utdanna seg til pianist ved det dåverande musikkonservatoriet i Bergen (Grieg-akademiet i dag). Han vakla lenge mellom kunstartene, og valde skrivinga som yrke og spelinga som interesse. Men det vart ei skriving som song.
Og han gjorde musikken til tema, ikkje minst i gjennombrotsboka Rubato (1995), som han fekk både Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for. Hovudpersonen i boka er utdanna pianist, men står mellom praktisk arbeid og musikk, og arbeidslivet og kunsten låner språk til kvarandre i boka. Denne tematikken kjem att i Tangentane (2005) og Den vesle pianisten (2017). Vaage er framleis ein habil pianist og varmar gjerne opp med ein liten time ved pianoet før han startar skrivinga.
I bøkene frå 2000-talet kjem ein ny dimensjon inn. Vaage skriv om psykiske grensetilstandar og korleis det blir forstått i helsevesenet, i familien og i små samfunn. Diktsamlinga Utanfor institusjonen ( 2006) fylgjer ein nær person inn i alderdommen, og dermed inn i helsevesenet og det språket som rår der. Skuggen og dronninga (2010) handlar om ei bestemor med eit schizofrent sinn, som blir skildra både innanfrå og utanfrå. I språket til Vaage er ein ikkje innanfor eller utanfor ei grense for sunt eller normalt, ein er eit unikt menneske.
Og i Syngja (2012) trefte Vaage eit stort publikum, i skildringane av oppveksten til eit autistisk barn, sett frå foreldra si side. Det er også ein roman, men han har ikkje lagt skjul på at han skriv om si eiga dotter. Romanen gjorde sterkt inntrykk, både ved å skildra opplevinga av å få eit barn med ei liding ingen forstår eller kan kurera, og ved å framstilla skilnaden på det faglege, ofte tomme, språket og diktarspråket som kjem nær ein kjær person. Vaage peikar på det paradoksale i at han, som har som yrke å finna eit så fintstemt og presist språk som mogeleg om psykens ulike sjatteringar, må leggja frå seg dette språket når han går over terskelen til helsevesenet, og tileigna seg det meir hardhendte diagnosespråket. Det taper alle på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.