Slutt for Nysgjerrigper på papir

Vitskapsmagasinet for unge vert frå no av berre å finne på nettet.

Siste utgåve av Nysgjerrigper-bladet.
Siste utgåve av Nysgjerrigper-bladet.

Forskingsrådet kunngjorde i siste utgåve av Nysgjerrigper-bladet at papirutgåva no er historie. Vitskapsmagasinet for unge har til no komme ut fire gonger i året.

Frå no av vert alt redaksjonelt stoff flytta til nettstaden deira. Med det mistar 120.000 ungar no lesestoff om forsking på papir. Grunnen skal vere høge kostnader knytte til papir og trykking.

Leiar i Norsk Tidsskriftforening Nana Rise-Lynum meiner det er trist at bladet forsvinn. Spesielt det at det går utover dei aller minste, uroar henne.

– Det er veldokumentert at lesing på skjerm svekkjer læringa. Då er det viktig at det finst tilbod som gjer at barna kan tileigne seg kunnskap gjennom papir, slik at det dei lærer, heng igjen.

Ho peiker på at svekt leseevne forplantar seg vidare i utdanningsløpet.

– Universitetstilsette snakkar alt no om at dei må forenkle stoff, og at studentane slit meir med å tileigne seg vanskeleg materie no enn før. Det er ikkje ei framtid vi kan ønskje for ungane våre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement