Soga til ein song
176 år etter at «Abide With Me» vart skriven, kjem her for fyrste gong ei fullstendig norsk attdikting av Wembley-salmen, sidan 1915 kjend på norsk som «Aa bliv hos mig».
«Abide With Me» vert kvart år framført på Wembley før FA-cupfinalen. Under nedstenginga i 2020 vart salmen sungen av Emeli Sandé frå taket.
Foto: Catherine Ivill / AP / NTB
Salmeteksten «Abide With Me» er skriven av den skotske diktarpresten Henry Francis Lyte. Han var fødd i 1793 på landsbygda søraust i Skottland, der han levde dei fyrste åra.
Då foreldra skilde lag, vart han send til ein skule i Irland. Der tok rektoren den gåverike guten til seg som ein del av familien. Andre diktarar som har vore elevar ved Portora Royal School, er Oscar Wilde og Samuel Beckett.
Som dei heldt Lyte fram som student ved Trinity College i Dublin, der han utdanna seg til prest i den engelske kyrkja. Han gifta seg til ein viss velstand, og fembarnsfaren tente som jordnær og jovial landsbyprest sørvest i England, der han stod på god fot med lokale fiskarar og born.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.