Kunst

Som ein feber

Trass i ein god karriere som arkitekt var det noko som ikkje kjendest rett. I førtiåra var Marit Aanestad klar for vendepunktet.

Biletkunstnaren Marit Aanestad i atelieret på Tou Atelierhus.
Biletkunstnaren Marit Aanestad i atelieret på Tou Atelierhus.

I dag er Marit Aanestad (f. 1949) ein godt etablert kunstnar i Stavanger. Ho har store offentlege utsmykkingar på CV-en. Men vegen mot ein kvardag på Tou Atelierhus tok si tid.

Aanestad kjem ned trappene, opnar døra med eit stort smil og viser veg inn i eit atelier med utsikt mot fjord og fjell. I vindaugskarmen står rekkjer med små geometriske former i tallause kombinasjonar. På veggene heng store lerret der ho testar ut fargar og kor gjennomsiktige dei er. Ho førebur seg til soloutstillinga som no er å sjå på Hå Gamle Prestegard i Rogaland, til og med sundag 12. januar.

Kreative yrke høyrest kanskje spanande ut, men dei har ei slagside av uføreseielege oppdrag og ustabil inntekt. Enkelte har alt i ungdommen både talentet og risikoviljen til å satse, men Aanestad venta i 20 år.

No eller aldri

Ho er av den første generasjonen som fekk sjansen til å ta akademisk utdanning, og det var sett på som sjølvsagt å velje dette dersom karakterane var gode nok. Å bli kunstnar var aldri i tankane hennar.

– Eg enda opp på arkitektstudiet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og hadde mange spanande jobbar som arkitekt, men det var alltid noko med det å justere seg så sterkt etter ein oppdragsgivar, og alle dei tekniske og økonomiske kompromissa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement