Bok

– Sorg er tungt arbeid

Tapet av dottera leidde forfattar Alf Kjetil Walgermo til å leggje trua si under lupa.

Publisert

Eg hadde tenkt å introdusere forfattar Alf Kjetil Walgermo som ein alvorsmann. Her vi sit på ein Oslo-kafé, ber han på ei framferd som signaliserer ei undrande ro. Han er ein forfattar som har arbeidd med eksistensielle spørsmål i bøkene han har skrive for både born, ungdom og vaksne. Men når eg spør han om kva alvor er, forstår eg at han ikkje ser på karakteristikken «ein alvorsmann» som eit heidersteikn:

– Alvor har eit dårleg rykte: «Han er ein alvorsmann» gjev ikkje positive assosiasjonar. Men vi treng alvor i livet. Ikkje for å vere triste hengehovud, men for å setje pris på det som er viktig. Alvor er det motsette av fjas, overflate og vrøvl. Alvor er ei røynsle av at det finst noko for deg med djup meining.

– Kva skil sorga frå alvoret?

– Sorg er ei kjensle av tap, ei kjensle av at noko ikkje blei slik det skulle ha vore, eller at noko er borte. Sorg er ikkje berre knytt til at nokon døyr frå deg, det kan også vere at nokon har skuffa deg, vener eller familie, eller at du har mista noko som var viktig for deg.

– Sorga kan vere kraftig og farleg. Samstundes er sorga ein del av livet. Korleis balansere dette rett?

– Ein skal tillate seg å kjenne på sorga, men heller ikkje sitje fast i henne. Då vert du bitter og klyngar deg til sorga som livsmeistring. Ei sterk sorg kan vere i livet ditt som ein undertone. Sorga bør berre ikkje definere deg for resten av livet. Det er mogleg å leve eit liv der sorga er ein del av biletet, men der gleda er det dominerande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement