Død og sorg er faste ingrediensar i skjønnlitteraturen, men i Terje Holtet Larsens nye roman er tematikken utløyst av tapet av hans eiga kone, som blei berre 60 år. Med Noen få mil sør for sorgen har forfattaren vilja reise henne eit minnesmerke.
– Da kona mi døydde, skjøna eg kva slags bok dette måtte bli. Ho hadde Huntingtons sjukdom, og då er det berre spørsmål om tid. Eg hadde heile tida visst korleis det ville gå, så eg var i sorgmodus alt då eg tok til å skrive boka.
– Skildringa av sorga verkar så ekte at eg trudde det måtte vere sjølvopplevd?
– Eg var i ein situasjon der eg skjøna at det var viktig å få skildringa rett. Den store utfordringa gjaldt å setje dei riktige orda på sorga. Så er eg jo forfattar, oppteken av at det ikkje berre skal vere ekte, men også fungere kunstnarisk. Somme tider hadde eg ei kjensle av at forfattaren i meg ikkje ville la meg vere i fred med den personlege sorga, men at han tok over og ville gjere det til litteratur. Då er det kampen med orda byrjar, ein må prøve å finne ei vellukka kunstnarisk form på stoffet, slik at det kjennest ekte.
Å gløyme
Sjølv om Noen få mil sør for sorgen har sjølvbiografiske element, er det slett ikkje Larsens historie vi møter. Den 63 år gamle, namnlause hovudpersonen og eg-forteljaren i romanen har mista kona si. Men etter ei tid dukkar ei ung kvinne opp hjå han. Ho kallar seg April og flyttar nærast inn, utan at han veit noko om henne eller vil spørje henne ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.