Musikk
Standup i ei woke-tid
Dave Chappelle vert kritisert for å sparka nedover i det nye standupshowet sitt. Set kritikarane grenser for ein sjanger som nettopp skal gå over grensa?
I slutten av oktober får Dave Chappelle Mark Twain-prisen – den høgste komikarprisen som vert gjeven i USA. Chappelle kjem då i selskap med mellom andre Richard Pryor.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Før eg kjem inn på det nye showet til Dave Chappelle, vil eg presentera eit nyord: woke. Å vera woke er å vera sosialt medviten. Du har vakna, ser og skjøner korleis verda eigentleg er. Er du vorten woke, fylgjer du retningslinjer: Du skal ikkje bruka ord som kan opplevast undertrykkjande for minoritetar.
Sjølv er eg einig i at språk er eit kraftig middel som kan halda folk nede, men eg vil ikkje ikle meg dogmatiske verdiar. Ord er òg frigjerande. Særleg i handa på ein ordsmed på standupscena.
Mislikt
Tilbake til Chappelle, ein av dei største amerikanske komikarane. Misnøgd med bransjen forlét han rampelyset og sitt eige TV-program, The Chappelle Show, i 2005.
– Kvifor slutta du, spurde David Letterman i 2014.
– Eg slutta ikkje, eg kom berre sju år for seint på jobb, svara Chappelle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.