Musikk  I  Marita Liabø

Større enn styggen på ryggen



  

Pål Tøien, OnklP, har nådd førtiåra. Få har forandra seg mindre på tjue år – utanpå.
Publisert Sist oppdatert

OnklP

Pål Tøien, fødd i Oslo i 1984

Med i Dirty Oppland, Jaa9 & OnklP og OnklP og De fjerne slektningene

Har samarbeidd med ei lang rekke artistar og gitt ut eit tjuetal plater

Står bak hitar som «Styggen på ryggen», «Helt ærlig» (med Morgan Sulele) og «Snufs» (med Kaveh)

Har blant anna vunne P3 Gull og Edvardprisen

OnklP treng ingen introduksjon. Media, hiphopfans og svigermødrer, festivalgjengarar og vektarar – alle veit kven han er. Til tider norsk musikks enfant terrible. Til tider briljant. Til tider utan retning eller sjølvkontroll. Mange jubla då han var på topp. Fleire jubla då han nådde botnen. Han har ei offentleg inkassohistorie og er open om – vel – alt, og har gjennomgått ein offentleg rekonstruksjon som artist. Vi blir alle eldre og klokare. Og det har gått mykje betre enn det kunne gått. Mine damer og herrar, dette er Pål Tøien.

Slik, litt forkorta, lyder Spotify-presentasjonen.

– Kva var toppen, og kva var botnen?

– Det var ei tid då eg sanka prisar og stod øvst på plakatane... Vent litt, seier Tøien.

Han må knyte skolissa. Han er ute og går, på veg til kontoret, der han gjer kjedelege ting, som han seier, i lag med managementet. Han trivst betre i studio og på scener, men det må til.

– Eg var på ein mørk plass, held han fram.

– Og så skreiv eg den tristaste songen av dei alle, og alt snudde.

– Eg har fleire historier enn dei fleste. Men eg synest det er for tidleg å sjå tilbake.

«Kjendisparty»

OnklP blei kjend som ein del av Dirty Oppland, «Noregs svar på Wu-Tang Clan», som Jørgen «Joddski» Nordeng i Tungtvann kalla dei. Tøien flytta frå Asker til Lillehammer som tolvåring og var ikkje happy der han stod med skateboardet under armen, men fekk venner som likte det han likte: skating, graffiti og skarp rapp.

«Men ikke alt som kan telles, teller, og ikke alt som teller, kan telles heller», syng dei i «Norsk statistikk». «Jeg står på mitt i en åker hvor jeg bare sår tvil, men skal gro Harlem en vakker dag om jeg får det til», syng dei i «Kast stein».

Dirty Oppland lever. Dei skal ha fleire konsertar i sommar.

– Vi er enno seks–sju mann på scena. Du kan tenke deg kor gøy vi har det, seier Tøien.

To av dei, Jaa9 & OnklP, fekk suksess på sida, med hitar som «Fredag», «Alt på stell» og «Glir forbi». Dei hadde ikkje trua på at det kunne vare. I 2002 var det få som tok norsk rapp på alvor.

I 2005 vann duoen Alarmprisen. «Kjendisparty» var ei farsott og er eit tidsbilde: Per Kristian Foss og Kristian Valen deler leppestift, Petter Solberg lærer St. Thomas engelsk uttale. Tande P, Aqua-Lene, Petter Stordalen, Erna Solberg og Kjell Magne Bondevik er der.

«Folk stod i mindre grupper og prata avansert om nylyrikk og all slags drit, men jeg var der for øl.»

«Alt på stell»

Øl og rus er ein raud tråd. På «Snufs», som har over 27 millionar Spotify-avspelingar, samplar Kaveh og OnklP revydronninga Lalla Carlsen. «Jeg er så glad, jeg synes at hele verden er min, for jeg har nettopp tatt meg en liten schnufs kokain», song ho på Chat Noir i 1931.

Tøien ristar på hovudet over at publikum framleis bryt ut i allsong når «Snufs» blir spelt.

– Folk er glade i revysong frå trettitalet, seier han ironisk.

Det skal òg seiast at mykje OnklP har medverka på, er musikk russen speler.

– Det er mykje eg sa før, som eg ikkje ville sagt i dag. Men det er mange som har det sånn.

Først og fremst blei OnklP kjend for å treffe ein meir alvorleg nerve, først i låtar som «Glir forbi», om A4-livet, der han ser andre få hus og bil, jobb, kids og eit liv, og «Alt på stell», om draumen om styring på livet. Så kom «Styggen på ryggen».

OnklP og De fjerne slektningene blei nominert til Spellemannprisen 2014 for «Styggen på ryggen». Her framfører dei låten på prisutdelinga.

Edvard-prisen

I 2015 blei OnklP og De fjerne slektningene, populært kalla Slekta, fødd. Slekta består hovudsakleg av folk frå Oslo Ess, som Tøien blei kjend med då han medverka på songen «Fritt fram» og like godt blei med på turné nedover i Europa.

– Det starta på bussen. Vi fann ut at vi måtte ha eit band, vi òg.

«Styggen på ryggen» blei til ein kveld då dei kom heim til Oslo etter ein konsert i Nord-Noreg. På to timar blei songen skriven og spelt inn, og snart gjekk han som ein plog gjennom landet, dradd av ein vond og vittig musikkvideo der Atle Antonsen er den brutale styggen på ryggen til Tøien.

OnklP og Slekta på Fredvikafestivalen 2023.

Teksten, om angst, dårleg sjølvtillit og kjensla av ikkje å komme nokon veg i livet, blei løfta fram av psykologar, politikarar og lærarar. Teksten har blitt brukt i undervisningsopplegg på ungdomsskular.

OnklP vann Edvard-prisen 2015 – på eit høveleg tidspunkt, seier han.

Han var personleg konkurs. Han skulda 860.000 i skatt – «på grunn av rot og slurv», som han sa til media. «Eg har ein tendens til å spenne bein på meg sjølv.»

«Min bror»

Det blei nokre negative medieoppslag før det snudde. I 2015 var han med på Hver gang vi møtes, i lag med blant andre Inger Lise Rypdal, som han spelte inn ein duett med. Etter å ha samarbeidd med artistar i same sjanger, som Lars Vaular, Cezinando og Madcon, song han plutseleg duett – «Spring for livet» – med Ingebjørg Bratland.

Tekstane er framleis ærlege, og han har vore ærleg på Firestjerners middag og 71 grader nord – Norges tøffeste kjendis.

– Blir du ein kjendisprogramgjengangar no?

– Nei, eg har sagt nei til mykje. Men eg er open for alt som er gøy.

Etter å ha spelt i eigne musikkvideoar med profesjonelle skodespelarar som motspelarar, er det ikkje overraskande at han er å sjå på skjermen i andre roller enn som seg sjølv. Han er med i NRK-serien Livstid, TV 2-serien Kielergata og Netflix-serien Forsvinningen – Lørenskog 31. oktober 2018.

For tida er han å sjå i kinofilmen Team Havnaa.

– Å vere skodespelar er krevjande og spennande. Men det er lange dagar og dårleg betalt.

Viktigare er det at tittelsporet, «Min bror», er hans.

Jokke

Tøien har lese sin Charles Bukowski og er inspirert av låtskrivarar som Joachim Nielsen.

– Jokke viste at ein kan lage noko som er vakkert, samtidig som det er simpelt. Det briljante ligg gjerne i det enkle: å synge om at noko er kjipt, utan å gjere seg til offer eller skulde på andre.

– I eit VG-intervju for ti år sidan sa du at du hadde gått i Jokke-fella: at klovnen hadde overskygt kunstnaren og poeten i deg.

– Eg veit ikkje om eg ville ordlagt meg slik i dag, men det blei litt sånn med meg som det var med Jokke: Folk kom for å høyre han synge «øl, øl, øl», mens dei såg at han var rusa.

– Du, derimot, skal vel skrive bok?

– Eg har fått tilbod om å skrive sjølvbiografi. Eg har fleire historier enn dei fleste. Men eg synest det er for tidleg å sjå tilbake. Det står på lista. Det og å skrive barnebok.

Pål Tøien er meir enn rapparen OnklP: Han skriv, han er far, han er skodespelar, og her jublar han etter ei ishockeyscoring i Zuccarello All Star Game i 2024.2

– Det blir kleint

I vår skal OnklP på turné utan verken Dirty Oppland eller Slekta i ryggen.

– No har eg med meg eit mindre band. Vi har gått gjennom låtar eg ikkje har høyrt sidan eg var 18 år. Det blir mykje øving på gammal tekst. Det blir kleint innimellom.

Og så skal OnklP, makkar Johnny «Jaa9» Engdal Silseth og dei andre i Dirty Oppland altså tilbake på scena – «etter litt interne diskusjoner/krangler», som dei skriv på arrangørsidene.

«Det vil bli servert en rekke gamle låter som vi gruer oss veldig til å rappe, en del av de nye som vi gruer oss litt mindre til, og en del perler fra årene imellom som vi gruer oss helt passe til», skriv dei. «Vi kan love 70 prosent gangster-rap, 30 prosent kabaret og 100 prosent midtlivskrise».

Reisebrev

Tøien har hatt fine år. Han fekk det han song om i «Alt på stell»: barn og hus og bil.

Det siste året, derimot, har vore «vanskeleg på privaten».

– Venner seier at «no har du mykje å skrive om». Men det er ikkje lett når ein står i det. Det er ikkje når det står på som verst, at eg skriv best. Då blir det meir vitsing og skryting og den vanlege rappen. Eg må bearbeide det før eg kan skrive om det.

– Du sa i eit intervju at det du driv med, er å tømme hovudet for det verste. Og at å måtte synge songane igjen og igjen er verst for deg, som må høyre deg sjølv klage.

– Ja, det er ikkje alltid det er ein hyggeleg stad å vere. Men så kan ein velje å sjå på det som reisebrev.

– Skatar du framleis?

– Nei. Eg slår meg så fælt.