Litteratur
Svanesong for småbrukaren
Forfattar Eivind Hofstad Evjemo skriv om småbrukslivet og verdiar han meiner er i ferd med å forsvinne. – Det er ei slags kulturhistorisk tragedie som går føre seg her, seier han.
– Den nyliberalistiske tanken om at du berre kan flytte på deg og verte lukkeleg, er temmeleg rotlaus, seier Eivind Hofstad Evjemo.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Eivind Hofstad Evjemo fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Vekk meg hvis jeg sovner, som kom ut i 2009. Den andre romanen, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet, vart omtalt som «den store norske kommuneromanen» og gav han Ungdommens kritikarpris. For den tredje romanen, Velkommen til oss, som handla om sorg etter 22. juli, vart han nominert til den franske litteraturprisen Prix Femina, saman med forfattarar som Margaret Atwood og Karl Ove Knausgård. I 2015 kåra Morgonbladet han til ein av dei ti beste norske forfattarane under 35 år.
Den nye årstiden, den fjerde romanen hans, kjem ut neste veke og er alt nemnd som ei av bøkene som kjem til å prege bokhausten, og som ei bok forlaget, Cappelen Damm, har høge forventningar til.
Forfattaren sjølv har omtalt boka som eit forsøk på å seie noko om eit moderne norsk landbruk han meiner er på brestepunktet – der bøndene knekk under arbeidspress og vonlause lønsvilkår, matjord vert lagd under veg, og jordbrukstradisjonar går tapte.
Kvifor det vart ein bonderoman denne gongen, har fleire forklaringar, seier Evjemo, men ei av dei er at han syntest det oftare og oftare kom nye nyhendesaker med tittelen «dyretragediar».
– Det var ein interessant tendens. Eg veit jo kor hardt bonden jobbar for å få gardsbruket til å gå rundt, og kor lite han sit att med i løn. Han står på kanten av stupet heile tida, og i tillegg jobbar han ganske ofte åleine. Denne kombinasjonen av einsemd og slit har eg tenkt mykje på i arbeidet med boka. Vi har gjort bonden så sårbar, seier han til Dag og Tid.
Barndomsstaden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.