Musikk

«Ta på deg treskonå og spring»

Medaas-prisvinnar Sigvart Dagsland er blitt stødigare i sin eigen dialekt og er ikkje redd for noko lenger.

– Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Han høyrest spennande ut, seier Sigvart Dagsland.
– Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Han høyrest spennande ut, seier Sigvart Dagsland.
Publisert

Musikar, tekstforfattar og komponist Sigvart Dagsland er den ferskaste mottakaren av Medaas-prisen, den 20. i rekka. På lista frå før står mellom andre Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Hellbillies, Vamp og Lars Lillo-Stenberg. Prisen blir kvart år tildelt ein utøvande kunstnar som i ånda til Ivar Medaas tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og brukar dialekten sin.

Dagsland har, med unntak av éi plate på engelsk, levert songane sine på ein relativt gjennomtenkt stavangerdialekt.

–?Eg sleit ei stund med a- og e-endingar, visste ikkje kva som låg mest naturleg for meg. Då eg med tida starta å skrive eigne tekstar, bad eg forfattar Gunnar Roalkvam gå gjennom tekstane mine og rydde opp i dei, det var slik eg kunne få orden på det. Men ser du på platene mine samla sett, er det nok ein viss inkonsekvens i korleis eg brukar dialekten. Eg er blitt meir bevisst på mitt eige språk med tida.

Seier Sigvart Dagsland. Men det var ikkje der vi begynte. Vi begynte i intervjuarens skrekk for torevêr, sidan det var meldt denne dagen. Eg var usikker på om eg skulle klare å komme meg til intervjuet. Når eg først med naud og neppe var kommen dit, måtte eg òg spørje Dagsland: «Ka e du redd for?» for å sjå til ein av songtitlane hans.

– I tenåra var eg redd for spådommane til Nostradamus, den store katastrofen. Etter trafikkulukka eg var i, som var ei liv-og-død-oppleving, er eg ikkje grunnleggande redd for noko. Døden, for eksempel, er eg ikkje redd for. Den høyrest spennande ut. Men det er nok ein litt kilen overgang, seier Dagsland.

Dialekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement