Bok
Teiknar ut eksponeringsbehovet
Medan trenden på sosiale medium er å dela blinkskot av borna sine, deler Therese G. Eide teikningar frå kvardagen med tre naselause born.
Therese G. Eide skildrar livet som teiknande trebarnsmor i stripene Intet nytt fra hjemmefronten.
Foto: Heidi Furre
For 15 år sidan laga Therese G. Eide (41) stripa Victoria, som vart trykt i mellom anna Tommy og Tigern. Men så fekk ho seg ein skikkeleg jobb, som omsetjar, og la stripeteikninga på hylla. Eller, i dagboka heldt ho fram å teikna opplevingar frå eigen kvardag.
– Eg var godt oppi 30-åra då eg vart mor, og eg syntest det var mykje komisk rundt det nye tilværet.
Fyrst fekk ho eitt barn, 20 månader seinare kom tvillingar. Då kom òg ideen om å oppretta ein blogg med striper og ruter. Denne fekk namnet Intet nytt fra hjemmefronten.
– For eitt år sidan kom eg i siste liten med på ei stripeutstilling for kvinner. Etter det har eg halde fram for fullt.
Den skikkelege jobben er lagd på hylla. No er det teikneserien som tek det meste av arbeidsdagen til Therese. Han vert trykt i fleire teikneseriehefte og fekk i vår fast plass i Bergens Tidende. Og til veka kjem altså boka.
– Det er rart å få ein ny karriere som 41-åring. Dette er fyrste gong eg gjev ut bok åleine. Det er spennande og skummelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.