Ungdomen no til dags

– Dei er så mykje meir oppvakte enn vi var på deira alder, seier Marie Amdam.

Bandet Razika er sett på pause, og Marie Amdam har blitt litteraturformidlar på fulltid.
Bandet Razika er sett på pause, og Marie Amdam har blitt litteraturformidlar på fulltid.
Publisert

Sidan 2016 har frontfiguren i det populære bergensbandet Razika, Marie Amdam, leia ei lesegruppe for ungdomar mellom 14 og 18 år på Litteraturhuset i Bergen. Snart startar dei opp etter nyåret med ei ambisiøs leseliste av både klassikarar og samtidslitteratur.

– Korleis går du fram når du plukkar ut bøkene de les saman?

– Eg freistar tenke tilbake på bøker som gjorde sterkt inntrykk på meg då eg var på deira alder. Det har mellom anna vore viktig for meg at lesinga ikkje skal vere for tung. Difor har vi pløgd oss gjennom både norske bøker tilpassa aldersgruppa og mykje ungdommeleg amerikansk samtidslitteratur. Men eg har òg oppdaga at dei fort gjennomskodar det som er for enkelt, så no les vi vaksenbøker.

– Dei som har gått fast sidan gruppa starta i 2016, er no på eit heilt anna nivå enn dei var då. Då var dei tolv–tretten år og framleis for unge for mykje. Men no er dei blitt femten, og når ein er femten, les ein heilt greitt vaksenlitteratur. No vil eg gi dei opplevingar dei ikkje utan vidare hadde valt sjølve. Då eg verkeleg byrja lese, var det dei store meisterverka, klassikarane, som fjetra meg.

– Ja, i vår skal de mellom anna lese Cora Sandel. Trur du dei vil oppleve at boka er relevant for livet deira?

– Ja, motiva hos Sandel er tidlause. Det handlar om dysfunksjonelle familiar og utbrytartrong – tema som ungdomar alltid kan kjenne seg att i. Kanskje må dei gjennom ein fase av lesinga som er litt tung og keisam, men slike bøker set seg ofte djupare og får meir å seie på sikt. Eg blir ofte overraska av kor tidlaus smak dei har. Det er dei store forteljingane som treffer dei, forteljingane som dirrar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement