Bok
Unge lovande
Fire forfattarar er nominerte til Tarjei Vesaas debutantpris. Å tre inn i forfattarlivet har vore alt anna enn overveldande for dei.
Dei nominerte debutantane, frå venstre: Erlend Skjetne, Michael Rindahl, Kjersti Halvorsen og Hanna Stoltenberg.
Foto: Frå venstre: Leikny Havik Skjærseth, Julie Pike, Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS og Julie Pike.
– Eg har vore på nokre festar med forlaget. Elles har det vore lite skåling med Dag Solstad, sjølv om eg sjølvsagt gjerne skulle gjort det. Kanskje det går føre seg hemmelege festar eg ikkje er invitert til, seier Hanna Stoltenberg.
Ho er ein av dei fire forfattarane som er nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for 2019. Stoltenberg har skrive romanen Nada, som er resultatet av eit arbeid ho starta på då ho gjekk på Gyldendals skriveskule. Stoltenberg har jobba som journalist i Aftenposten K og D2 tidlegare og vart så godt som handplukka inn i ein forfattarkarriere.
– Eg vart kontakta av ein redaktør i Gyldendal som lurte på om eg skreiv skjønnlitterært. Eg viste han nokre sider, og han meinte eg burde søke meg inn på Gyldendals skriveskule. Det er somme som er skeptiske til skriveskular og meiner at ein blir drilla i ein bestemt måte å skrive på. For meg var det enklare å finne fram til noko som var mitt eige og senke skuldrene når eg var nøydd å vise andre kva eg skreiv på.
Stoltenberg kallar nominasjonen til debutantprisen ærefull.
– Hadde du håpa på ein nominasjon?
– Det er klart ein går med eit lite håp. Men når ein skriv ein debutroman, vil ein berre komme heilskinna igjennom det. Eg var så redd. Målet mitt etter at boka vart antatt var berre å klare å halde fram med å sjå folk i auga. Sjølv om eg ikkje skriv om meg sjølv, er det noko avslørande ved å vise fram sitt beste forsøk på noko ein verkeleg har lyst til å få til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.