Ut i den skeive verda

Å dra til sjøs for å tene pengar og sjå verda baud på sjansar og utfordringar for mange unge i 1950- og 60-åra. Ikkje minst om du var skeiv.

1960-åra var ein gullalder for norsk sjøfart og gav mange unge menn høve til å dra ut i verda.
1960-åra var ein gullalder for norsk sjøfart og gav mange unge menn høve til å dra ut i verda.
Publisert Sist oppdatert

Kan du sjå han for deg? Førstereisguten på 15–16 år, som nett er ferdig med real- eller framhaldsskulen, som skal tene pengar og kanskje ber på ein draum om å sjå litt meir av verda enn heimbygda.

I dag vil ein ungdom med utferdstrong vere eldre og ha langt fleire alternativ enn i tiåra etter den andre verdskrigen. I desse åra var det einaste alternativet for svært mange å mønstre på eit skip, for å verte borte heimafrå i månader og år.

1960-åra vert kalla ein gullalder i norsk skipsfart, og utanriksfarten trekte til seg mange unge, som kunne vere innom nokre år før dei gjekk i land att, med nye erfaringar om livet om bord og frå eksotiske hamnebyar.

Livet om bord var mannsdominert, og sex mellom menn var forbode fram til 1972. Korleis var det då å mønstre på for ein som hadde ein annan kjønns- eller seksuell identitet enn fleirtalet? Korleis var det å vere skeiv til sjøs? Skal vi sjå for oss ei verd av innestengde kjensler eller eit skeivt frirom?

Nytt tema

Ei som har byrja å undersøkje spørsmåla nærmare, er Gry Bang-Andersen, som er kulturvitar og konservator ved Bergens Sjøfartsmuseum. Saman med kollegaen Bård Gram Økland har ho skrive om skeivskap til sjøs i den nye boka Skeiv lokalhistorie og medverka til utstillinga Skeive sjøfolk, som opnar på Bergens Sjøfartsmuseum i slutten av oktober.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement