Bok
Utan frykt har vi ingenting
Stridsberg får det styggaste til å bli vakkert, utan å vere valdsherleggjerande.
Sara Stridsberg debuterte i 2004 og er no aktuell med roman nummer fem.
Foto: Irmelie Krekin
«Bare de som håper på noe er redd, og det gjør ikke jeg.» Det er Kristina, eller Inni, som ho blir kalla av sine næraste, som fortel dette, etter at ho blir brutalt myrda. Ho går i dødsfella, nesten med vilje, og ho blir ikkje redd, ikkje ein gong når ho forstår at ho skal døy.
Mordet i skogen
Inni er ung, ein stad i tjueåra, og har to barn, men føler likevel at ho har lite å tape. Ho har hamna på utsida av samfunnet, der ho har blitt glad i heroin som ho får tak i ved å selje kroppen sin. Det første barnet blir tatt frå henne, medan ho vel å gi frå seg det andre barnet, og på grunn av dette mistar ho òg kjærasten.
Inni vender seg direkte til oss som les, og ho bruker taletida si til å fortelje om att og om att og om att korleis ho blir drepen. Det er sjølvsagt ubehageleg å lese, men det er minst like mykje vakkert, utan at det er valdsherleggjerande. «Vi var altså i skogen» er opningssetninga, det er i skogen Inni tar dei siste andedraga. Vi får verkeleg vere mykje i skogen her, alt er skildra så sanseleg, ned til den minste vassdropen og det svakaste vindpustet.
Eg kan ikkje hugse sist eg såg eit bokomslag som passar så godt i hop med opplevinga. Vi ser eit vatn, eit slags tjern, kanskje, med små bølgjer som skrifta føyer seg etter. Og fargane er grå, blågrå, grøne rundt blada til ei vasslilje. Det ser jo nesten koseleg ut, gjer det ikkje? Men så ser vi òg at det er litt grumsete, litt skite, vi kan ikkje vite kva som gøymer seg på botnen av vatnet. Stridsberg klarer nemleg på eit nærast magisk vis å føye saman desse kontrastane. Sjøen og skogen er element som går att gjennom heile boka, og dei representerer både liv og død. Det mørke og det lyse blir eitt. Dette grepet ligg òg i tittelen med den varme kjærleiken og det fjerne og iskalde ved sørpolen.
Utanfor
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.