Litteratur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Publisert Sist oppdatert

Den finsk-estiske forfattaren, dramatikaren, essayisten og spaltisten er i dag eit stort internasjonalt namn. Bøkene hennar er omsette til over 40 språk. Ho har mellom anna gitt ut ein trilogi om Estland under og etter andre verdskrigen og to romanar med handling frå Ukraina.

Putin fører krig mot kvinner mange stader, ikkje minst i heimlandet, men dette essayet handlar især om korleis den russiske despoten gir soldatane sine i det okkuperte Ukraina høve til å «ta seg til rette» med ukrainske kvinner.

– I fjor vedtok den russiske Dumaen ei lov som gav juridisk immunitet til soldatar som gjorde seg skuldige i «mindre og middels store» brotsverk medan dei deltok i den såkalla «spesialoperasjonen» i Ukraina. Det er ikkje noko anna enn ein open invitasjon til kriminell aktivitet. Vil du bli ein russisk helt, er valdtekt og tortur av ukrainarar vegen å gå. Lova gir også ein viktig bodskap til soldatane om at staten vernar dei same kva dei gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement