Bok
Varslar om eit arbeidsliv i forfall
Tømrar Ole Thorstensen tok arbeid i Polen for å oppleve polsk arbeidskultur. Han kom heim att endå meir overtydd om at den nordiske modellen er best for arbeidslivet.
Tømrarmeister Ole Thorstensen på arbeid i Polen.
Foto: Pelikanen Forlag
– Europa har ein arbeidsmarknad basert på arbeidsinnvandring. Utan arbeidsinnvandrarane ville det norske samfunnet vore i djup krise, seier tømrar og forfattar Ole Thorstensen.
– Under pandemien låg avlingar uhausta, og område blei ikkje sådde eller planta fordi ein såg at ein ikkje ville klare å hauste dei. Og vi har berre sett byrjinga på dette. Ryggrada i den internasjonale arbeidsmarknaden er jo arbeidarar. Eg blir forbanna når det vi driv med, blir så nedvurdert og lite akta.
I boka En snekkers dagbok (2015) skildra tømrarmeisteren frå Eidsvoll arbeidet med å gjere om eit råloft i ein oslobygard til bustad, og han tok eit oppgjer med nedvurderinga av handverkararbeid. Boka er seld til 16 land og har hausta strålande kritikkar i aviser som Wall Street Journal, The Economist og The Spectator. I nyss utkomne Bare en jobb utvidar Thorstensen perspektivet. Boka er basert på eit to månaders arbeidsopphald i Kraków for å setje seg inn i polsk byggjebransje og arbeidskultur. Under låg tanken på det nedsetjande omgrepet «polakkarbeid», som har teke over for det tidlegare «negerarbeid», og har bidrege til at byggjebransjen og andre bransjar med mange arbeidsinnvandrarar har fått eit dårleg rykte her i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.