– Vi treng dei sterke stemmene

– Det er per definisjon idioti å snakke om fleirkulturell ungdom som ei homogen gruppe, seier Aon Raza Naqvi, som har teke initiativet til antologien Third Culture Kids.

– Eg trur dei typiske norske muslimane er vanlege, usikre folk, seier tekstforfattar og redaktør Aon Raza Naqvi.
– Eg trur dei typiske norske muslimane er vanlege, usikre folk, seier tekstforfattar og redaktør Aon Raza Naqvi.
Publisert

– Eg vil bryte ned fordommar og vise kor lite homogen denne gruppa eigentleg er. Det er ikkje mogleg at vi er like. Vi stammar frå heilt ulike land og kulturar. Det er per definisjon lettare å snakke om nordmenn som ei slik gruppe, seier Aon Raza Naqvi.

«Ån», som ein eigentleg skal uttale namnet hans, sit bak ein laptop på eit bakeri på Tøyen. Han er kraftig og skjeggete, har ein ring i kvart øyre og «Obey» på capsen. Med jamne intervall pip det frå jakkelomma hans.

Han er journalist, og redaktør for antologien Third Culture Kids, tekstforfattar og sjiamuslim frå Larvik. «Påskrudd», som han sjølv seier. I sommar skal han skrive for A-magasinet. Men først gjev han ut bok.

– Eg trur ikkje den typiske muslimen er den konservative, strenge som peikar finger. Eg trur det heller er dei vanlege usikre folka. Dei som står i kø på McDonald’s og vurderer cheeseburgaren når dei veit dei bør ta burgaren med fisk i staden, seier han og ler.

Fleire historier

– Kvifor er antologien viktig i Noreg i dag?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement