Bok

– Vil ikkje verta ståande uimotsagt

Publisert

Det er ikkje tvil om at vi har avdekt misvisande kjeldebruk i Hva visste hjemmefronten? av Marte Michelet. Kjeldebruken hennar bryt med vitskaplege standardar.

I 2018 var våre første reaksjonar på Michelets kjeldebruk knytt til framstillinga hennar av fluktorganisasjonen Carl Fredriksens Transport. I den nye boka Tilsvar. Svar på motboken til Hva visste hjemmefronten? trekkjer ho no påstandane tilbake mot einskildpersonar i denne fluktorganisasjonen. Det er snakk om eit heilt kapittel i boka hennar som no skal skrivast om. Dette hadde neppe skjedd om vi ikkje hadde gått grundig inn i materialet og kritisert korleis Michelet har handsama kjeldene.

Men elles verkar Tilsvar som ein freistnad på å bortforklara den problematiske kjeldebruken i dei andre kapitla vi har sett nærare på. Ein må ha god kjennskap til kjeldene for å avdekka desse rasjonaliseringane. Vi kjem ikkje til å la dette stå uimotsagt, og vi vil koma tilbake med ein detaljert gjennomgang for å visa kva Michelet gjer.

Det er oppsiktsvekkjande at ho framleis forsvarar døma vi har peika på av endringar i sitat og sitatkutt. Forklaringane Marte Michelet gjev, er lite tillitvekkjande. Dessutan meiner ho at nye kjelder vi viser til i vår bok, berre underbyggjer hennar eigne konklusjonar. Med unntak av det misvisande kapittelet om Carl Fredriksens Transport innrømmer ho ikkje stort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement