Diktet

Vold om «Tvi-gangaren»



  

Sist veke takka Jan Erik Vold for seg i den faste spalta «Diktet» etter å ha skrive nærmare 300 diktspalter. Vold trekte fram ei spalte frå 2016 som den han set høgast. Her kjem heile teksten som stod på trykk saman med diktet «Tvi-gangaren» av Kristofer Uppdal til 17. juni 2016.

Tvi-gangar tyder «dobbelgjengar». I det ytre talar vi om to menneske (ikkje tvillingsysken) som liknar einannan til forveksling. I Uppdals dikt er det tale om ein sjeleleg dobbelgjengar. Den slags førestellingar har vi lite av i norsk poesi. Nær å nemna er Olav H. Hauges formulering om dei to som kjempar om makta i han: ugrashakkaren og den andre mannen: «Eg kjenner godt den andre mannen, men eg har ikkje late han tala. For det er gut som kan tala det. Han trivlar ikkje etter ordi… Han er vill og omsynslaus og kan skræma folk. Tid er ikkje til for han, ikkje avstandar heller, døden er ikkje til for han heller.»

Gunvor Hofmo talar om ein dobbel eksistens, i diktet «Paradoks» (1954): «Venn, jeg er én/ Jeg vil ikke dele/ min kilde, min farge/ av smerter, ordløs som sten/ midt i en dam av frosker.// For jeg er to!/ Der hvor en avgrunn ryker/ av blodige lemmer og dødsskrik/ ligger min fortid kløvet –/ der mellom himmel og helvete/ ligger jeg, knekkede bro!»

Kristofer Uppdal (1878–1961) frå Trøndelag skreiv «Tvi-gangaren» medan han var innlagd som pasient på Gaustad sjukehus 1927–29. Diktet vart funne i dei etterlatne papira hans av sonen Skjalg, men kom på prent fyrst i samlinga Åt songa tå stjernom (2005). Det merkelege er at i boka som kom like etter Uppdals død, Hestane mine (etterlatne dikt, 1963), er «Tvi-gangaren» – og ei rad andre dikt frå same manuskriptbunke, som lanserer figuren «Heimlaus-Guden» – ikkje vurderte.

Lesen i dag framstår denne figuren som ein «føregangar» til den monumentale «Kulten», som Uppdal samlar seg om i 1930-åra. «Heimlaus-Guden er eg», seier diktaren – og er framleis mellom menneska. I dei tre banda med Kulten-diktinga – 1200 sider – forvandlar diktaren Kulten-figuren til ein religionsfyrste. Ordtyding: i krossen fyri nåa: i vegskilet før dauden.

Uppdal, Hauge, Hofmo – tre av dei sterkaste poetane vi har, som tidvis levde i ein splitta eksistens.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement