¿ Økonomane dukkar opp

Den førande tenkjaren for fysiokratane som først fekk nemninga økonomar, var Francois Quesnay (1694–1774). Målarstykke av Heinz Rieter.
Den førande tenkjaren for fysiokratane som først fekk nemninga økonomar, var Francois Quesnay (1694–1774). Målarstykke av Heinz Rieter.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Når kunnskapen veks, krev han meir plass. Moderne universitet, som også vesle Noreg har fått fleire av, er svære bygningskompleks. Der har dei ulike faga fått tildelt sin plass og sine rom. Og faga blir fleire og fleire. Nye kjem til, og gamle fag deler seg. Bygningsmassen aukar.

Universitetsbygningane i Oslo sentrum er nesten gripande å sjå på. Her skapte ein fattig nasjon rom for det som var av vitskap i landet, mest medisin, jus og teologi. Universitetet skulle skaffe den nye staten embetsmenn, i dei tre bygningane øvst i Karl Johan. Det var eit stort og dyrt løft.

I dag er dette heroisk historie om eit vågalt prosjekt i ei usikker og farleg tid. No har faga og kunnskapen eksplodert. Kor mange fag som finst ved norske universitet, er det knapt nokon som veit. Mange av faga er svært unge og nye.

Ein slik nykomar er økonomifaget. No myldrar økonomane rundt oss. Dei sit tett i næringsliv og organisasjonar, dei legg grunnlaget til rette for lønnsoppgjer, pensjonsordningar, statsbudsjett og rentenivå. Kort sagt: Dei har hendene inne i dagane våre, helg og kvardag. Men dei er nykomarar. Økonomi som nemning for eit fag dukka opp i det engelske språket først på 1800-talet. Amerikanarane fekk sitt økonomiske selskap i 1885, engelskmennene i 1890. Økonomi vart eige fag ved universitetet i Kristiania i 1905, under namnet statsøkonomi. Og no er det økonomiutdanning nesten kvar som helst. Og økonomane er av ulikt slag, med ulike namn: siviløkonomar, bedriftsøkonomar, statsøkonomar og meir til. Og nordmenn har til og med raska med seg eit par nobelprisar i faget.

Men det starta stussleg. Dei som først sette plogen i jord og som i dag har ein ærefull plass i økonomiens historie, var alle amatørar som i grunnen stelte med noko anna enn økonomi. Faget fanst ikkje, og nokon måtte skape det. Den store Adam Smith hadde klassisk utdanning, gresk og latin. David Ricardo, ei anna kjempe i klassisk økonomi, var forretningsmann. John Stuart Mill, sentral i faget, var embetsmann, og Karl Marx var journalist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement