Teknologi

Å fyra for kråkene 

Å gå barbeint i leilegheita er ei prøving. Med beina som sensorar har eg funne ut at kjøkenet har det største kaldraset.

Blokka eg bur i, er eit arkitektonisk meisterverk frå 1930, teikna av arkitekten Per Grieg. Han var nok meir oppteken av estetikk enn av isolasjon.
Publisert Sist oppdatert

Eg ligg i senga, totalt utsliten etter å ha dødsrydda meg frå 130 til 46 kvadratmeter. Eg glanar føremålslaust opp i taket i den nyoppussa bustaden min. Eg er ferdig, bokstaveleg talt. Kva er det auga ser? Ei blære i taket som vart vølt etter alle kunstens reglar og med hjelp frå ein målarmeister for berre to månader sidan. Korleis kan det ha seg?

Eg ringjer til målaren. Han seier at det anten kan koma av vasslekkasje eller kuldebru. Kuldebru, kva er no det? Eg har for lengst sagt til meg sjølv at alt negativt eg opplever, skal snuast til noko positivt som kan gje meir kunnskap. No vil eg nytta høvet til å læra alt om bygningsfysikk.

Kuldebruer er område i bygningskonstruksjonen der isolasjonen er dårlegare enn i resten av bygningsmassen. Eg stryk neven langs den indre betongveggen ved sida av senga. Iskaldt. Betong leier varme godt og syg no varmen frå meg ut av bygningen. Dersom kuldebrua vert kald nok, kan det oppstå sopp og muggskadar på grunn av dogg.

Heldigvis har eg ein smartkontakt frå Mill som styrer dei elektriske panelomnane. Dei måler luftfukta i tillegg til lufttemperaturen. Nett no er det 21 grader celsius og ei luftfukt på 18,6 prosent i leilegheita. Når eg ikkje er til stades, skrur eg ned varmen til 15 grader celsius. Kva vert luftfukta då? Vel, det er berre å ta fram ei god bok eg har skrive sjølv, og finne ut at luftfukta då vert 38,1 prosent med same mengd vassdamp i innelufta. Strålande! Ingen fare for dogg på veggene.

Kuldebru er eit særs misvisande namn. Det burde heller vore kalla varmebru. Betongveggen eg har, syg varme ut av leilegheita. Når eg tek på han, stel han varme frå meg. Dess varmare noko er, dess fortare fer molekyla rundt. Når kroppen min på 37 grader celsius får kontakt med den kalde veggen, vert varmen leidd frå meg til veggen. Det skjer med hjelp frå kollisjonar mellom dei raske molekyla mine og dei trege i veggen, som på den måten får ekstra energi. Då vert molekyla mine tregare, og eg kjenner det som kulde.

Eg går naken ut av senga. Eg tek på ytterveggen. Han kjennest mykje varmare. Betre isolering, med andre ord. Eg legg overkroppen imot glaset. Oi, det var kaldt. Glas gjev som regel dårlegare isolering, men det kjennest kaldare enn resten av veggen også fordi det har ei glatt overflate som får god kontakt med kroppen min og kan stela mykje varme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement