Frå sjakkverda

Å vera poly

Flogvitet Bent Larsen var poly-litt-av-kvart. Her spelar han sjakk mot Bobby Fischer i Piatigorsky Cup i California i 1966.
Flogvitet Bent Larsen var poly-litt-av-kvart. Her spelar han sjakk mot Bobby Fischer i Piatigorsky Cup i California i 1966.
Publisert

Sidan eg er språkmann, nyttar eg av og til ordet «polyglott», særleg når eg skriv eller talar om Giri og Hübner (meir om dei seinare). Eg veit ikkje om det gjeld Dag og Tid-lesarar, men eg har registrert at sjakkspelarar ofte ikkje kjenner ordet. «Polyglott» kjem frå gresk og tyder «mange tunger», altså ein som kan mange språk.

For 40 år sidan las eg eit intervju i Norsk Sjakkblad som gjekk om lag slik: Norsk journalist: Korleis vil du karakterisera Bent Larsen? Dansk intellektuell: Han er vår siste polyhistor. Norsk journalist: Hæ? Dansk intellektuell: Der ser du!

Ordet «polyhistor» – ein som veit mykje om mykje – gjorde inntrykk på meg, men eg har ikkje nytta det før no, og det er ikkje noko vanleg ord i norsk (slik som moteordet «polyamorøs»). Om verdsmeister Lasker (matematikar, spelteoretikar, bridgespelar, filosof, dramatikar osb.) seier ein gjerne at han var eit «universalgeni». Det nynorske «flogvit» er heller ikkje dårleg.

Den danske stormeisteren Bent Larsen (1935–2010) er det næraste vi kjem eit flogvit i nordisk sjakk. Han var den beste turneringsspelaren i verda i 1967, men framfor alt ein stor intellektuell. I 1986 fekk eg og nokre vener i Oslo eit brev frå Larsen då vi laga eit lite sjakkblad. Larsen skreiv både for små og store.

Mot slutten av livet fekk han eit brev frå den leiande sjakkhistorikaren Edward Winter. Winter undrast om det var sant at Larsen var polyglott. Larsen skreiv på den gamle skrivemaskinen sin at han kunne spansk (han budde i Argentina), russisk, tysk, litt fransk, nederlandsk og kan henda nokre til. Men så skreiv Larsen i svaret til Winter: «Norwegian? The Norwegian of Ibsen, yes, that is a variant of Danish. That of Garborg, no.» Eit fantastisk svar – verdig eit flogvit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement