Diktet

«Alt som 23-åring stig Nanna Schwengaard fram som formmeister i pakt med den nyromantiske tidsånda.»

Publisert

Kven var denne Nanna Schwengaard (1878–1975) som melde si interesse for Olav Nygard midt i flokken av nynorske vestmenn, i ei tid der lyrikkinteressa i stor grad var knytt til språktilhøyrsle? Målfolk flokka seg om nynorske skaldar, medan riksmålsfolk las poetar som heller drakk «brænde­vinet» enn «den tykke fede rømmen» – som det heiter hjå Olaf Bull.

Schwengaard kom frå ein stad langt unna Fjell-Noreg, frå Kragerø. Men ho høyrer til same generasjon som Nygard og Olaf Bull. Alt som 23-åring stig ho fram som formmeister i pakt med den nyromantiske tidsånda, med «Mismod», prenta i Urd 5. januar 1901. Slik lyder ei strofe: «Kjære, I Smaablomster, hør, hvad jeg beder:/ Giv mig et Trøsteord med, thi jeg græder!/ Ak, I Smaasødskend, hvem gav Jer at smile/ uden at tvile?»

Ein månad seinare kjem det eit motdikt, signert E.W.G.: «Hvorfor mismodig i Ungdommens Dage?/ Hvorfor se Livet saa mørkt og saa tungt? (…) Efter din Vinter der kommer en Sommer,/ mange har ventet længer end du./ Søg under Sneen og du finder Blommer». Forfattaren var Ernst Wessel Gregersen, brigader i Frelsesarmeen. I andre nummer av Urd finn vi hyllestdikt til Sigbjørn Obstfelder – det er tydeleg kven som er inspirator for dei unge kvinnene som skriv for bladet.

Schwengaard er kjend som romanforfattar – med debuten Rossow Gaard (1909) og Bevar ditt hjerte (1911). Nokre år seinare gjev ho ut diktsamlinga Fontæne (1926). Mange dikt skildrar eit kjensleliv gjennom inntrykk frå natur og årstider, medan andre dikt fortel om eit opphald i Italia. Diktet nedanfor er frå den fyrste delen, i neste nummer omtalar eg eit Italia-dikt.

Som vi ser, har isen i sinnet hennar, som Gregersen vona ville tine, ikkje smelta. Det er eit melankolsk dikt i ein vemodig daktylos-rytme. Namnet som har rista seg fast i hjarta hennar, er truleg namnet til ein kjærast, jamvel om diktsamlinga er tileigna mor hennar, som døydde året før boka kom ut. Eg nemner til slutt ein annan Olaf Bull-aforisme: «Selv i solen har jeg evig sne». Dette diktet seier det same.

Navnet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement