Frå bridgeverda
Angsten og lidinga
Eit årsskifte gjev høve til å gjera opp status, også for ein bridgespelar. Det er aldri hyggeleg.
Ein bridgespelar kontemplerer, anten over ein feil han har gjort, eller ein feil han vil unngå å gjera.
Foto: European Bridge League
Dei som trur at bridge fyrst og fremst er ein morosam hobby, tek nemleg feil. Spelet kan vera morosamt når det går bra, når ein handsamar korta sine godt. Men fyrst og fremst er det eit spel prega av angst og liding: Jamvel ein tilsynelatande dugande spelar gjer så mange dumme feil at det gjennomgåande er umogleg å vera nøgd med eigen innsats, ein vil alltid heimsøkjast av anger og skam.
Audmjukinga blir forverra om motparten skjønar kor dum ein har vore. Andre gonger slepp ein tilsynelatande billeg unna, fordi motstandarane er så veike at dei ikkje ser dei grove feila som blir gjorde. Men er ein bridgespelar på sin hals, ikkje berre ein turist på galleriet, er det uvesentleg kven motparten er, og kva motparten ser eller ikkje ser. Det som verkeleg tyngjer, er tanken på å ha svike seg sjølv.
Så har ein til overmål denne evige makkeren, som ein òg svik. Han eller ho hadde gledd seg til å spela bridge, til å gjera suksess, men endar med å gå slukøyra heim på grunn av ein ubrukeleg samarbeidspartnar.
Det er altså ikkje berre seg sjølv ein må trygle om tilgjeving ved inngangen til det nye året, men òg alle makkerane ein har hatt i året som gjekk. Ein lovar bot og betring: No skal eg skjerpe meg, no skal kjerringa reisast på høgkant!
Så skrid ein til det grøne bordet på nytt, kanskje berre dagar etter at krutrøyken frå nyttårsrakettane har lagt seg. Vonfull og høgtidsstemd set ein seg på stolen, og i dei fyrste fåe spela av dei mange titals som vanlegvis utgjer ei bridgetevling, kan ein kanskje prestere bra, gjera kloke og gjennomtenkte val – ein ny bridgespelar, eit nytt menneske.
Men så skjer det sanneleg igjen: Konsentrasjonen glepp, om så berre i ein augneblink, ein tenkjer for raskt eller grunt – ein feil blir gjord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.