Diktet
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Foto: NTB
Arne Paasche Aasen (1901–1978), fødd i Steinkjer, oppvaksen i Trondheim, busett i Oslo, var ein av dei mest produktive poetane i Noreg i det førre hundreåret, med rundt 20 diktsamlingar, og fleire tusen dikt i Arbeiderbladet 1937–1968 under pseudonymet Dorian Red (avleidd av Oscar Wildes The Portrait of Dorian Grey), trykte i fem utval 1937–68. Likevel er han nærast sletta frå norsk litteraturhistorie, både i antologiar og oversiktsverk – sjølv maurflittige Ivar Havnevik ignorerer han i sitt 500-siders bind om norsk lyrikkhistorie.
Han debuterte som kommunist i Sigd og hammer 1921, utgjeve av Det Norske Arbeiderpartis Forlag, med hyllest til Lenin og «opprørets flammende fane». Resten av livet var han solidarisk arbeidarpartimann, fram til siste samling Lengselens gate (1967). Og fire bind dikt i utval.
Arild Bye gav ut ein spanande 600 siders veldokumentert biografi i 2018: Fra verdensrevolusjon til de nære ting, der han er opprørt over den samla forteiinga av Arne Paasche Aasen. Denne poeten skriv om brustein og snømoking, kassaapparat og den ukjende soldat, ved sida av tette kampsongar om samhald og solidaritet, i ei politisk utid: «De brenner våre faner/ i Hamburg og Berlin,/ de fengsler våre brødre/ ved Elben, Spree og Rhin».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.