Diktet
«Aslaug Vaa er mellomlekken mellom Vinje og Vesaas.»
Foto via Wikimedia Commons
Olav Dalgard skriv i si bok Fem norske lyrikarar at det er underleg at Aasmund Olavsson Vinje ikkje fekk ein etterfylgjar etter seg: «Først med Tarjei Vesaas nådde Telemark fram i teten av norsk dikting att». Men så nemner han Aslaug Vaa (1889–1965), ho er mellomlekken mellom Vinje og Vesaas.
Nedanfor ser du utdrag av ein prolog i den fyrste boka hennar, Nord i leite (1934), ei diktsamling med eit episk innhald som handlar om ei trekanthistorie, mellom Gyri, Jo og Stabbe. Men som vi ser av utdraga, er diktet fullt av naturskildringar og inspirasjon av folkediktinga. «Telemarkin» er eit mektig panorama over fylket Vaa kom ifrå. Vi kan få inntrykk av at vi atter har med ein heimekjær diktar å gjera, men Vaa budde i Paris og studerte ved Sorbonne-universitetet. Ho budde også i London og Berlin.
«Eg trur at dei mange radikale formeksperiment til surrealistane i Paris og ekspresjonistane i Berlin, har verka frigjerande på hennar formevne», skriv Olav Dalgard og peikar på dette diktet. Verslinene i diktet fylgjer ein fri, leikande rytme, og diktet er rimfritt – heilt til siste strofa, der Vaa nyttar rim som ein måte å poengtere slutten av diktet på.
Tema for denne spalta er poetar som stod i samband med Olav Nygard. Så vidt eg veit, kjende Vaa ikkje Nygard. Men Vaa er interessant av to grunnar. Dikta hennar er typiske for mange nynorskdiktarar ved den lokale forankringa, med dialektformer og stadnamn. Nygard skil seg ut fordi han ikkje nytta eit einaste reelt stadnamn i poesien sin. Jamvel om vi kjenner vestlandsnaturen hjå Nygard, er det alltid tidlause og stadlause landskap han diktar om – til dømes i det kjende «No reiser kvelden seg».
For det andre fører Vaa oss til eit anna diktarnamn. Aslaug Vaa debuterte seint som forfattar – som 45-åring. Kvifor? Då Olav Aukrust gav ut Himmelvarden (1916), sette ho diktarplanane på vent, i ovundring av meisteren frå Gudbrandsdalen. Neste gong eg skriv, tek eg føre meg tilhøvet mellom Aukrust og Nygard, eit tilhøve som var merkt av spenning og motsetning.
Telemarkin
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.