Sjakk

Blindsjakk-simultan

Timur Garejev i Oslo Schakselskap i 2017.
Timur Garejev i Oslo Schakselskap i 2017.
Publisert

Veteranen Ole Christian Moen fortalde om ein simultan han gav på 70-talet. Han spela mot heile sju spelarar samstundes. Motstandarane kom frå sjakk-klubben Rokaden, ein klubb for blinde spelarar. Så det var ein «blindsjakksimultan», sa Moen. Berre at det var motstandarane som spela blindt.

Meir imponerande er det når simultangjevaren spelar blindt. Millionar av amatørar har late seg fascinera av Magnus Carlsen i klipp på YouTube. I 2013 spela Carlsen blindt mot ti Harvard-advokatar samstundes. Han tok opp att stuntet like etterpå for programmet 60 Minutes på amerikansk TV.

For mange er dette prov på genialitet. Men det er for lett å seia. At ein er advokat og har gått på Harvard, gjer ein ikkje automatisk til ein frykta sjakkmotstandar. Og kor vanskeleg er det eigenleg å spela blindt mot ti spelarar? Då Simen Agdestein som 19-åring var i USA, skreiv han i dagboka si: «I kveld spilte jeg blindsimultan mot 8 spillere som alle var dårlige» (privat dagbok, 13. september 1986). Agdestein gadd ikkje eingong nemna at han sjølvsagt vann alle partia, slik Carlsen seinare gjorde mot Harvard-advokatane.

Stormeister Rune Djurhuus sette noregsrekord i 1998 då han spela blindt mot 13 motstandarar. Djurhuus sa etterpå at han kunne ha spela mot fleire hadde det ikkje vore for at den gamle rekorden han skulle slå, berre var på 12.

I ein vanleg simultan er det ikkje så viktig om ein spelar mot 8, 10 eller 12. Men i blindsjakk er utfordringa mykje større når talet aukar med berre éin spelar. Det som verkeleg er imponerande, er verdsrekorden til amerikansk-usbekiske Timur Garejev frå 2016: Han spela 48 parti simultant med bind for augo gjennom 19 timar, samstundes som han sykla over 80 mil på ein ergometersykkel. Motstanden var sterk, med gjennomsnittleg 1700 i rating (solid klubbnivå), og Garejev vann 80 prosent av partia.

Det Garejev gjorde – 48 parti! – er på nobelprisnivå. Prestasjonane til Carlsen (10), Agdestein (8) og Djurhuus (13) er i samanlikning som å vinna ein novellekonkurranse i skuleavisa, og dei skryter heller ikkje av seansane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement