Ord om språk
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Teikning: May LInn Clement
Strengt teke skulle denne spalta ha vore skriven med blokkbokstavar. Bladstyraren hadde nok blokkert eit slikt framlegg, so då får skrivaren freista å blokka ut dei ville påhitta sine. Ei eller anna form for blokkdanning vert det her same kva.
Me kom ikkje snøgt ut frå startblokka i dag, men alle skjønar at emnet er blokk. Opphavet er omstridt. Mange ordbøker nemner at blokk kan henga i hop med bjelke og bolk. Det me kan seia for visst, er at blokade og blokkera kjem av blokk. Ordet Blokksberg, derimot, er ei folkeleg omlaging av fjellnamnet Brocken og har ikkje noko med blokk å gjera.
Hovudtydinga til blokk er ‘stort (og firkanta) stykke av sterkt eller hardt emne’. Me har betongblokker, isblokker og lecablokker, til dømes. Suppeblokker er mindre og veikare, men blokker er dei like fullt. Kraftblokk kunne ha vore einstydande med kraftplugg. I staden er det eitt av mange blokk-ord som har med heisemekanismar å gjera. Det tyder ‘vinsj til å hala inn not med’.
Kva med blokkfløyta? I Norsk etymologisk ordbok (2013) og Ordbog over det danske Sprog (1920, ordnet.dk) står det at blokkfløyte har grunntydinga ‘fløyte laga av eitt stykke’. Andre kjelder, som Svenska Akademiens ordbok (1915, svenska.se), opplyser at fløyta har namnet sitt etter pluggen i munnstykket. Legg eg hovudet på blokka om eg seier at eg har mest tru på det siste?
Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på. Når me i dag legg hovudet på blokka, set me oss i ei farleg stode og gjer det lett for andre å kritisera oss. Før hadde dei òg fangeblokk: ein trekubbe med hòl der dei sette fast føtene til fangen. Betre enn å ha føtene i blokka er det å ha blokker i skorne. Slike blokker er former som blokkar ut (vidar ut) skor, hattar og liknande.
Mellom dei mest kjende blokkene er skrive- og teikneblokkene. Men det eg har på blokka no, er blokk i tydinga ‘stort (firkanta) hus med mange høgder’ (t.d. bustadblokk, høgblokk). Den tydinga kjem frå engelsk block (som òg tyder ‘kvartal’). Frå fransk (bloc) kjem tydinga ‘samband mellom grupper, parti eller statar’ («den borgarlege blokka»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.