Bondevennen fyller år
Bondevennen vart skipa av Osmund Anbjørnsen Lærdal i 1898.
Attenhundretalet var eit hendingsrikt hundreår i norsk historie. Det gjekk ein hundreårig vår over landet. Då hundreåret enno var ungt, fekk vi grunnlov og nasjonalforsamling, rettnok med avgrensa røysterett. Før hundreåret var ute, hadde Stortinget skuva kongen til side og tatt den politiske makta. Fram mot midten av hundreåret byrja Ivar Aasen farte omkring for å studere folkemålet og for å reise eit eige norsk språk. Det kristne lekfolket brøyta seg fram mot makta i kyrkja si. Eigne organisasjonar vart skapte, med eigne presseorgan. Hans Nilsen Hauge gjorde talarstolen tilgjengeleg for lekfolket. Då det neste hundreåret enno var ungt, skipa lekfolket sin eigen presteskule og overtok såleis langt på veg presteutdanninga i Noreg.
Jordbruket, hovudnæringa, vart forandra. Ved midten av hundreåret strøymde billeg korn frå verdsmarknaden inn i landet og fortrengde norsk kornproduksjon. Frihandel var rådande ideologi. På kort tid måtte norsk jordbruk omstillast til eit husdyrjordbruk, som det framleis er. Dette skapte mykje fagleg aktivitet. Lokalt vart det skipa landbruksselskap som arbeidde for betre ferasar ved avl og import. Utstillingane kom og vart sentrale hendingar i bygdene. Statlege embetsmenn reiste rundt for å lære bøndene betre stell i fjøset og i stallen. Meieriet var på veg. Og før hundreåret var ute, hadde jordbruket fått sin eigen høgskule på Ås i Akershus, ein institusjon som kom til å spreie oppdatert og nyttig kunnskap til norske bønder gjennom hundreåret som kom. Og som kunnskapsmisjonærar spreidde åskandidatane seg over landet, i embetsverk og organisasjonar. Det var ei gjødslingstid og ei vokstertid. Det grodde.
Då var det at Osmund Anbjørnsen Lærdal 15. januar 1898 lanserte bladet Bondevennen i Stavanger. I første nummeret skriv han: «Bondevennen kommer herved med sit første nr. Det er dens første skridt på sin vandring ud blant det norske bondefolk. Maatte den nu bli en kjær ven, hvor den faar lov at komme, og maatte den faa lov at komme ind i tusener af vore bondehjem!»
Bondevennen har med andre ord 120-årsjubileum i år. Det er tid for å sjå tilbake. Korleis gjekk det med prosjektet til O.A. Lærdal?
Bladet hans kom, i jordbruksfylket Rogaland, til å gå inn i det store kunnskapsløftet norsk jordbruk var inne i, og i utviklinga heile denne unge nasjonen opplevde. Bøndene vakna, og O.A. Lærdal var der. Han fekk skipa Rogaland Fælleskjøp i 1905, innkjøpssentral for bønder.
Bondevennen var ein viktig del av barndomen min. Vi dreiv med kyr og sauer, og Bondevennen vart husorganet. Den lyseraude bladfilla vart grundig lesen. Redaktøren H. Aanestad – HAa, som han skreiv seg – var ein stor autoritet. Under den store saueutstillinga i Hillevåg var han alltid der, med den karakteristiske hatten sin. I 1951, då eg var 14 år, gjorde vi det svært godt på utstillinga. Då kom redaktøren sjølv og prata med far. Eg tykte det var stort. At far prata med Ånestan, som vi kalla han, var eit løft som styrkte sjølvkjensla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.