Frå bridgeverda
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund Foto: Norsk bridgeforbund
Som far til ein gut på to år må eg snart ta stilling til eit eksistensielt problem: Bør eller bør eg ikkje introdusere guten for bridge?
Mange i bridgemiljøet vil nok freista presse meg til å rekruttere han, og etter alt bridgen har gjort for meg, er eit barn kanskje det minste eg skuldar han.
Guten på si side vil kunne få ein hobby å gle seg over gjennom heile livet, og han vil kunne forlenge dette livet gjennom mang ein god latter i møte med festlege og/eller latterlege karakterar i bridgemiljøet.
Men ein intens alkoholkultur og tallause høve til meir eller mindre passiv røyking vil kanskje forkorte livet hans tilsvarande, pluss at bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.
Nok om det. Nyleg vart noregsmeisterskapen for par spela i Kragerø, ei maratontevling over tre dagar. Heilt til topps gjekk to søner, medan fedrane sat heime og togg.
Nicolai Heiberg-Evenstad er berre 16 år gamal. Han kjem frå Senja og er son av mangeårige elitespelar Stian André Evenstad. Alt i 2021 tok far og son eit sensasjonelt sylv i NM par, før sonen no vart historisk som den yngste vinnaren av NM par nokon gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.