Frå historia
Brislingen
Brislingfiske i Rogaland.
Foto: Ryfylkemuseet
Brislingen er ein liten sildefisk som blir fanga i norske kyststrok, på Austlandet og på Vestlandet. Han går i stim og blir fanga med snurpenot om sommaren.
Gardane på Vestlandet var små, og mange av dei hadde ulike fiske som nødvendig tilleggsnæring. Brislingfisket var ei hektisk tid. Karane låg ute i skøytene sine og vakta på brislingen, når han måtte dukke opp. Det vart mykje venting.
Når så stimen kom, vart det dramatikk. Nota vart kasta, og fisken vart innestengd før han vart håva opp i båtane. Så måtte han takast hand om, fort.
Små hermetikkfabrikkar dukka opp her og der. Og kvinnene vart mobiliserte til å pakke brislingen i små boksar. Dei første kvinnelege industriarbeidarane i Rogaland var husmødrer som pakka brisling i sesongen. Det vart lange dagar. Mennene fekk betalt for fisken, og kvinnene vart betalte for pakkinga.
Og små bekker med kontantar sildra inn i lokalsamfunna. Kontantar var kronisk mangelvare. Ein ny storindustri var på veg.
Christian Bjelland eksporterte fisk og hummar frå Stavanger. I 1890 byrja han å hermetisere brisling, og i 1893 bygde han den første fabrikken og grunnla firmaet Chr. Bjelland & Co A/S.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.