Cella dukkar opp

Robert Hooke (1635–1703) vert rekna som oppfinnaren av mikroskopet og den første som tok i bruk omgrepet celle.
Robert Hooke (1635–1703) vert rekna som oppfinnaren av mikroskopet og den første som tok i bruk omgrepet celle.
Publisert

Rundt år 1600 var den store vitskaplege utviklinga på veg. I Holland var det brillemakarar som eksperimenterte med brilleglas. Ved å montere brilleglasa saman på ulikt vis kunne brilleglasa forstørre det ein såg på mange gonger.

I 1608 var det fleire brillemakarar som søkte patent på ein kikert. Året etter hadde Galilei sin kikert klar. No var himmelrommet opna, og det gjekk slag i slag. Eit drygt halvt hundreår seinare kunne dansken Ole Rømer løyse ei gammal gåte. Lyset hadde fart, sa Rømer. Det fann han ut ved å halde auge med eit par månar rundt Jupiter. Kikerten gjorde dette mogeleg.

Men ein kunne også granske det som var smått og lite. Ved kikerten, som her vart kalla mikroskop, som bokstaveleg tala tyder å sjå på det som er lite, kunne ein studere det som var for lite for auget å få auge på. Og no, med det nærgåande mikroskopet, kunne ein kome livsmysteriet mykje nærare.

I 1665, litt seinare i hundreåret, sat engelskmannen Robert Hooke og studerte tynne skiver av flaskekork med det vesle mikroskopet sitt. Han oppdaga då at korkskiva var samansett av ørsmå regelbundne kammer som låg på rekke og rad. Han kalla dei celler, fordi dei minte han om munkecellene han hadde sett i klostera. Det han hadde sett, var cellevegger i korkvev.

Så var cellene oppdaga og døypte, med eit namn frå munkelivet i klostera.

Og så starta kunnskapens og vitskapens jakt på desse mikroskopiske romma.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement