Dyrisk
D-vitamin
Ei verpehøne lever i eit unaturlig miljø utan sollys og skal legge nesten eitt egg om dagen. Til det treng ho myke kalsium og D-vitamin.
Foto: Andrew Skowron / Wikimedia Commons
D-vitamin, kva treng vi det til, og korleis kunne litt for mykje D-vitamin i dyrefôret føre til at vi måtte kaste over 10 millionar egg og avlive 700 grisar og 60.000 høns?
For å forstå kvifor vi treng D-vitamin, må vi gjere ei tidsreise attende til då livet på jorda starta, og staden vi skal til, er havet.
Då dei første levande cellene oppstod i havet, trong dei feittstoff til å bygge cellemembranar og mekanismar som verna det dyrebare arvestoffet mot det farlege spekteret av sollyset. Allereie hos dei første planktonorganismane i havet kunne feittstoffa kolesterol (hos dyreplankton) og ergosterol (hos planter og etter kvart hos sopp) gjere nytte for seg ved å absorbere dei skadelege, kortbølga solstrålane. Sluttproduktet vart feittløyselege, steroide strukturar, det vi kallar D-vitamin.
Havet er eit miljø med kalsium og fosfor løyst i vatnet, og desse stoffa har vore naturlege byggesteinar for levande organismar heilt frå byrjinga, godt eigna til å bygge solide skal til skjel og skaldyr og til tenner og skjelett for dei første virveldyra. Som eit positivt lada ion er kalsium også viktig for å halde rett elektrisk lading på alle cellemembranar i kroppen og for å sikre normal funksjon i blant anna nerveceller, muskelceller og immunceller.
Evolusjonen måtte finne reiskapar for å regulere opptak og bruk av kalsium og fosfor, og den beste måten å styre prosessar som skal skje samstundes i mange organsystem på, er med bruk av hormon, kjemiske bodbringarar som ved å bli transportert rundt med blodet kan nå alle celler i heile kroppen på få sekund. D-vitamin viste seg å kunne vere ein slik bodbringar.
Den evna dei første cellene hadde til å bruke sollys for å omdanne feittstoff til D-vitamin, blei difor ført vidare til større dyr som fisk. Aure og laks kan til dømes lage sitt eige D-vitamin ved å symje nær overflata, noko dei ofte gjer på dagtid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.