Frå bridgeverda
«Då ein frimodig norsk spelar møtte dei 'sveitsiske' nederlendarane Bas Drijver og Sjoert Brink og utfordra dei til å framføre den sveitsiske nasjonalsongen, reagerte dei ikkje positivt.»
Bas Drijver og Sjoert Brink (fyrste og femte frå venstre) medan dei enno bar Nederlands oransje drakter.
Foto: European Bridge League
Eg har aldri vore ein slik ein som hissar seg opp og ropar og skrik under sportssendingar på skjermen. Men då Polen møtte Sveits i semifinalen i World Bridge Games i Buenos Aires, gjorde eg eit unntak.
Sveits er eit vakkert land, og at norske rikfolk øydelegg sitt eige ettermæle ved å melde flytting dit, får stå for deira eiga rekning. Problemet i bridgesamanheng er at Sveits slett ikkje er Sveits, men snarare sveitsaren Pierre Zimmermann som har brukt den formidable formuen sin til å lokke til seg det ypparste av bridgespelarar i verda.
Fyrst forvandla han nordmennene Geir Helgemo og Tor Helness til monegaskarar, og no har han gjort tre polakkar og to nederlendarar til sveitsarar, noko som plutseleg har gjeve Sveits – tidlegare ei veritabel øydemark på bridgeverdskartet – favorittstatus i alle internasjonale meisterskapar. Då ein frimodig norsk spelar tilfeldigvis møtte dei «sveitsiske» nederlendarane Bas Drijver og Sjoert Brink på ein restaurant nyleg og utfordra dei til å framføre den sveitsiske nasjonalsongen, reagerte dei ikkje positivt.
Det blir noko anna når trønderske Geir Olav Tislevoll finn seg ei newzealandsk bridgekone, flytter til Auckland og får plass på landslaget der nede. Det er òg heilt greitt når svenske Cecilia Rimstedt gifter seg med ein amerikansk bridgespelar og no har fått løyve til å representere USA internasjonalt.
Men om mange som Zimmermann hadde kjøpt seg eit landslag utan nasjonal tilknyting, ville dei prestisjetunge internasjonale meisterskapane fort ha vorte meiningslause. Ei anna sak er at landslaga til både Nederland og Polen sjølvsagt blir svekte når dei aller beste spelarane representerer eit anna land.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.