Då radioen var ny

Eit orkester spelar 1. januar 1925 til prøvesendt nyttårsprogram i radio for Kringkastingsselskapet, det private førelegget til Norsk rikskringkasting, som fekk nasjonalt monopol frå 1933.
Eit orkester spelar 1. januar 1925 til prøvesendt nyttårsprogram i radio for Kringkastingsselskapet, det private førelegget til Norsk rikskringkasting, som fekk nasjonalt monopol frå 1933.
Publisert

Den 1. november 1922 hadde Norges Handels- og Sjøfartstidende, som avisa då heitte, ein artikkel om eit nytt fenomen: «Den traadløse telefon». Dagens Næringsliv, som avisa heiter i dag, fortel dette eit hundreår seinare, 1. november i år.

Den trådlause telefonen går sin sigersgang over verda, kan avisa fortelje i 1922. Han vil nok også snart få sitt inntog her i landet.

I USA har «den traadløse telefon faaet en betydning som er kolossal». Han er tatt i bruk på dei mest utenkjelege område. Dei private selskapa prøver å overby kvarandre med program og attraksjonar: børskursar, nyhende av alle slag, sportsresultat, foredrag, konsertar, undervisning, alt mogeleg, også dansemusikk.

Eit selskap for «broadcastin» (sic) engasjerer det beste orkesteret. Gjennom den trådlause blir tonane spreidde til tusenvis av heimar. Og akkurat her har det blitt reist sterk kritikk mot den trådlause telefonen, fordi han medverka til å auke dansegalskapen.

Det var radioen som for hundre år sidan, under urovekt motstand, brøytte seg inn i mediebiletet og truga veletablerte medium og interesser, som avisene, som framleis var relativt nyetablerte som dominerande medium.

Det ser ut til å liggje i menneskenaturen å forsvare det som finst og er etablert, mot det nye som er på veg. Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi kan få.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement