Frå historia
Dar kjem dampen
D/S «Hjelmeland» legg til kai på Sand sommaren 1919 på tur med Bondeungdomslaget. Passasjerane flokkar seg til styrbord for å få beste utsynet mot «perlå i Ryfylke», så skuta får kraftig slagside.
Foto: Ryfylkemuseet / Wikimedia Commons
Denne populære songen er eit hyllingsdikt til ein vestlandsk lokalbåt, dampbåten «Oster», som gjekk i rute mellom Bergen og strilelandet frå 1906 til 1964. Døvepresten Ragnvald Hammer skreiv teksten, og Ivar Medås sette melodi til.
Så var det gjort. Dei dampdrivne båtane som knytte saman fjordar og øyar på den lange vestlandskysten i over eit hundreår, hadde fått sin eigen song, før dei vart sende på land til opphogging. Nye løysingar trengde dei ut.
Dampmaskinen er sentral i den industrielle revolusjonen. Han skapte energien i kolet om til mekanisk energi og maskindrift. Og denne maskinen gjekk om bord i skip og gav dei framdrift. Dampmaskinen var den første maskinen til å gå om bord i båtar.
Så vart båtane kalla dampbåtar. Eller berre «dampen».
Dampbåtane og rutene deira gav rammene for mykje av det vi stelte med på øyane i Ryfylke. Hos oss gjekk dampbåten frå Steinnesvåg til Stavanger tidleg om morgonen, med retur frå Stavanger på ettermiddagen.
Av og til skulle vi ta imot nødvendig hjelp frå Stavanger, lekpredikantar eller dyrlegar, alt ettersom. Dei kom då om kvelden, gjorde si gode gjerning og sov på sofaen i finstova vår, før dei stod tidleg opp og tok båten til byen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.