Diktet
«Dauden er livet»
Foto via Wikimedia Commons
I fjor skreiv
eg ein serie om diktarar som stod Olav Nygard nær. Det var eit namn som vart
nemnt i serien, men som likevel ikkje fekk eit dikt av seg trykt i Dag og Tid.
Det var gudbrandsdølen Tore Ørjasæter (1886–1968), som var ein nær ven av Nygard.
Difor har
eg valt diktet «Dauden er livet» denne gongen. Det er eit langt dikt som det
ikkje er plass til i sin heilskap, så utdraga her blir ein smakebit. Diktet
stod på prent i Gula Tidend 8. august 1922.
OIav Nygard skriv eit brev til Ørjasæter 29.
oktober, der han varslar ein gullalder for nynorsklitteraturen. Han finn prov
for dette i Ørjasæters poesi: «Slikt eit dikt De hadde i 'Gula' – 'Dauden er
livet'. Eg ventar vaar største diktar i Dykk; lat andre tru meir paa ‘agitations’-diktarann.
Den dagen De fær full herrevald yve det De no hev i hendenn, og fær Dykkar
dramatiske evne til aa lyfte det mot høgda – .»
Med «‘agitations’-diktarann» meiner Nygard
forfattarar av nasjonale hyllingsdikt. Dei fanst det mange av i denne perioden,
men Nygard som «sentrallyrikar» styrte unna den slags. I «Dauden er livet» omtalar Ørjasæter idealet «frø», det perfekte «frøet» som berre finst i den guddomlege verda. Så snart frøet byrja gro, har det vorte ein del av vår verd og dermed «levande». Alt levande skal ein gong døy. Men idealet, det bortanfor vår verd, som «daudt» for oss, er det evige. Dermed forstår vi tittelen. Det er eit nyplatonsk dikt som høver med Nygards diktarprogram.
Det er òg ein annan grunn til at eg nemner
dette diktet. Ørjasæter gav det ut i samlinga Skiringsgangen (1925) med
tittelen «Dauden og livet». Då hadde han korta diktet ned til dei to sistnemnde
strofene. Dermed fekk diktet ikkje lenger den paradoksale opninga i «Aa var eg i
duldo for evigt/ og aldri i dagen kom fram».
Kanskje ville Nygard ha mislika denne
nedkortinga? Tittelen har i alle fall vorte dårlegare. Det veit vi ikkje, men når vi arbeider med litteraturhistorie, er det viktig å finne den opphavlege versjonen av ein tekst. Den versjonen som
er lettast tilgjengeleg, kan ha vore gjennom ei stor omarbeiding. Det gjeld mange
diktarar, ikkje minst Olav H. Hauge, som kontinuerleg retta på gamle dikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.