Frå bridgeverda
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Kanskje har eg høyrt den polske nasjonalsongen fleire gonger enn den norske. Då eg enno spela i internasjonale juniormeisterskapar, var det ei naturlov at minst eitt polsk lag under avslutningsbanketten kunne gå opp på pallen og hauste medaljar, til dei misunningsverdig lystige tonane i «Dąbrowskis masurka».
Polen har i årevis hatt eit rikt tilfang av unge spelarar. I mi tid snakka dei lite engelsk, og mange verka alvorstyngde der dei sat og filosoferte over neste bod i det endemiske, til dels ugjennomtrengelege meldesystemet sitt, polsk kløver. Men dette har venteleg endra seg med åra, og opp av den polske underskogen har det vakse mange briljante spelarar, med den fylgja at Polen i fleire tiår har vore i verdstoppen.
At vestlege motspelarar har vore mest opptekne av å latterleggjera alle c-ane og z-ane i namna deira, har ikkje forringa prestasjonane til korkje Jacek Pszczoła, Jerzy Skrzypczak eller Wojciech Strzemecki, snarare tvert imot. I London vart eg kjend med ein ung polsk bridgespelar eg aldri fekk vita kva heitte: Alle kalla han berre «Saucepan», altså «Kasserolle», då det ordet hadde ein viss bokstavlikskap med namnet hans, som ingen eingong orka å prøve å uttala.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.