Sjakk
Den siste sigeren
Magnus Carlsen har vore best i 13 år. Går det mot slutten av karrieren hans no?
Foto: Fide
Det er fleire teikn på at Carlsen-epoken går mot slutten: Eg skriv mindre i Dag og Tid enn før. Magnus Carlsen (32) er ein kvit, rik mann som har byrja spela golf og seier at langsjakk er keisamt. Jukse-striden med den unge amerikanaren Hans Niemann (20) er gravlagd utan avgjerande prov på juks. Ein siste, liten detalj er at Carlsen har sagt frå seg VM-tittelen, som frå 2023 høyrer til kinesaren Ding Liren.
Tida er inne for å gjera opp status. Kven er den beste sjakkspelaren i historia? Den hardaste konkurrenten, Garri Kasparov, var verdsmeister i 15 år (1985–2000) og den beste spelaren i 20, til han la opp i 2005.
Kva har Carlsen å syna fram mot dette? Det var Carlsen, ikkje Kasparov, som fekk denne avisa til å byrja med sjakkspalte i 2011. Carlsen har vore best i 13 år, sidan 2010. Han var klassisk verdsmeister i berre 10 år, han men han gav seg på topp, utan tap i fem VM-kampar.
Kasparov var revolusjonerande i opninga, ekstremt aggressiv med svart og meir spektakulær enn Carlsen i åtak. Men Carlsen er meir universell i stilen og slår Kasparov klart på alle andre område: intuisjon, posisjonsspel, sluttspel, opningsvariasjon, psykologisk kamp osb.
Kasparov er snøggare enn oss alle i verdspolitikk og spørsmål om liv og daude, men Carlsen er snøggare i sjakkhovudet. Difor har han fullstendig dominert lynsjakk og hurtigsjakk, der han til saman har ti VM-titlar. Det er fyrst med Carlsen snøggsjakk har fått prestisje, og verdseinaren vil halda fram med å jakta på snøgge titlar i romjula på NRK.
Carlsen har 32 sigrar frå dei aller sterkaste klassiske turneringane i sjakkhistoria. Det var inntil i sumar berre verdscupen som vanta. Dette er ei utslagsturnering med heile verdseliten på plass. Carlsen har to gonger vorte slegen ut i semifinalen (2007 og 2021), men i år heldt det heilt inn, etter fire veker i Baku.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.