Diktet
«Det er noko 'avsluttande' over desse utgjevingane til Kjartan Fløgstad.»
Foto: Morten Holm / NTB
Kjartan Fløgstad er fødd 7. juni 1944 (dagen etter D-dagen) i Sauda, ei industribygd på Vestlandet der faren var arbeidsleiar og mora butikkdame. Han debuterte som poet i 1969 med samlinga Valfart og har sidan gjeve ut over 50 titlar, der romanar og essay dominerer.
I 2024 samlar han fleire års prosa i Skriftarbeid – og lyrikk i Dansen med orda. Songar. Uvisst å seie, men det er noko «avsluttande» over desse utgjevingane til ein som, nettopp fylt 80, alltid har sidestilt skrift og politikk. Han rundar av prosaen med å seie: «Den som snakkar for lenge, kjem alltid til kort.»
Fløgstad reiste til sjøs i ungdomen, med Sør-Amerika i fokus. Han skriv tidleg om «Kopargruvene i Chuquicamata» og omset Pablo Neruda og dikt frå Cuba. Einskilddikt dukkar opp i fleire romanar. I føreordet til Dansen med orda heiter det: «heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdiktning. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare». Ei større oversikt finst i kapittelet «Diskografi».
Dagens tekst er frå avdelinga «Spreidde dikt» og viser gleda ved å rime: «Eg tar til med eit rimpar eller to, og ser kva slags setningar som kan knytta desse rimorda saman.» «Skår i gleda» er ein song om svevnløyse – og kanskje eit kjærleiksdikt: «ordet/ Du har krota ut med kniv/ Der står namnet du har skore». Altså namnet til den elska. Slike blyge dikt er det få av hos Fløgstad.
Men elles er det dikt om Vladivostok og Boris Gleb, akevitt i Akerselva og Lisa Kristoffersens plass – mangslungne tekstar frå nært og fjernt, fleire hundre til saman.
Skår i gleda
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.